nyhende
TV-aksjonen er så smått i gong:
Laurdag blir det haustmarknad
Søndag 24. oktober er det tid for den tradisjonsrike TV-aksjonen som NRK står bak. I Sveio blir det mogleg å støtta bekjempinga av barneekteskap på mange vis.
Kvart tredje sekund blir ei jenta gifta bort ein stad i verda. I Niger blir nær 80 prosent av jentene gifta vekk før dei fyller 18 år.
Årets TV-aksjon jobbar for å få slutt på barneekteskap, og heller gi jenter moglegheita til å gå på skule, bestemma over eigen kropp og bli lytta til i samfunnet.
Treng rodeleiarar
Kommunekomitéen for TV-aksjonen, det vil seia ordførar Linn Therese Erve og Sveio frivilligsentral, er sjølvsagt tende på å bidra til å spreia bodskapen i Sveio. I år vil bøssebærarane kunne banke på dørane igjen. Eit mannskap på mellom 70-80 bøssebærarar trengst. Ein del er i hamn, men det er alltid rom for fleire.
– Om nokon vil gå årets finaste søndagstur, er det berre til å melda seg, anten til oss eller på blimed.no, seier Kristianne Uri, leiar av frivilligsentralen. Ho har også behov for to personar som kan påta seg ansvaret med å vera rodeleiar for desse krinsane på sjølve dagen.
Kafé og haustmarknad
Komiteen tipsar om at det er fullt mogleg å støtta TV-aksjonen på andre måtar enn på sjølve søndagen. Vaksenopplæringa i Førde skal til dømes arrangera internasjonal kafé torsdag 21. oktober der overskotet går til TV-aksjonen.
Kommande laurdag, 2. oktober blir det haustmarknad på Sveiotorget. Det TV-aksjonsonkomiteen, som i samarbeid med Sveio sentrumsforeining og Sveio frivilligsentral arrangerar marknad med tema «Barn ikke brud» etter same oppskrift som fjorårets marknad, men med litt ekstra innhald.
Konsert
Næringsdrivande har gitt premiar til ein basar, der heile summen vil bli gitt til TV-aksjonen. I tillegg skal det vera konsert, der ei rekke lokale artistar og band stiller opp utan å ta betalt. Oppmodinga til publikum blir då å Vippsa pengar for konsertopplevinga, fortel komiteen.
Ordførar Erve synest det er veldig kjekt at det skjer noko i sentrum.
– Når me kan laga eit event i kombinasjon med TV-aksjonen blir det vinn-vinn for alle, seier ho.
Om nokon vil gi gåver til basaren, stilla som mannskap i løpet av dagen eller anna, kan ein ta kontakt med Sveio frivilligsentral eller Erve.