nyhende

Lastebilen blei tatt hand om natt til fredag.
Lastebilen blei tatt hand om natt til fredag.

Lastebilen i Gullvegen tatt hand om i natt

Lastebilen som velta nokre kilometer nord for Vikse skule er berga.

Publisert Sist oppdatert

Like over klokka 17 torsdag rykka naudetatane ut til ei trafikkulukke i Gullvegen på Vikse. Meldinga gjekk ut på at ein lastebil låg velta på eit jorde, førar var bevisst og ute av køyretøyet. På Twitter skriv politiet at det kan sjå ut som at lastebilen har kome for nær vegskuldra, og dermed velta. Mindre personskade, blir det oppsummert frå politiet.

Sandra Høyvik Holmstrøm var med på oppdraget i går kveld.

Vegen blei stengt i 22.30-tida torsdag kveld.

– Det var ein enkel og grei jobb, me hadde to tungbergarar med. Me vinsja den over på hjul, og over på vegen igjen slik at me fekk slept den med oss, fortel Sandra Høyvik Holmstrøm som var på oppdraget. Ved midnatt var dei ferdige og vegen blei opna igjen.

Holmstrøm jobbar i Haugaland Bilberging. Oftast blir dei tilkalla til mindre kompliserte oppdrag slik som motorstopp og punkteringar på lette og tunge køyretøy.

Bilbergaren, som bur i Sveio, er ikkje ukjend med utforkøyringar, som krevjer meir planlegging i førekant. I følgje ho er det to strekningar som skiller seg ut i Sveio på slike typar oppdrag, det er Gullvegen og Tjernagelvegen.

Ein bergingsbil er i ferd med å vinsja den forulukka lastebilen over på hjul igjen.
Powered by Labrador CMS