nyhende

Frå liten risiko til høg risiko for glatt veg. Vegane i kartet er tydeleg markert med fargekodar for å visa venta føreforhold på alle europa-, riks- og fylkesvegar. Illustrasjon: Statens vegvesen
Frå liten risiko til høg risiko for glatt veg. Vegane i kartet er tydeleg markert med fargekodar for å visa venta føreforhold på alle europa-, riks- og fylkesvegar. Illustrasjon: Statens vegvesen

Lanserer nyttige verktøy for bilistane

No kan du enkelt sjekka prognosar for glatt veg og få sanntidsinformasjon om trafikkflyt før du set deg i bilen.

Publisert Sist oppdatert

Statens vegvesen utviklar stadig nyttige og lett tilgjengeleg verktøy for å gjera det både sikrare og enklare for bilistane. Siste nytt blei lansert 13. mars, og ein av dei nye teneste kan vera særs nyttig når temperaturen går ned mot og under null frå kveld til morgon.

– Det å få eit forvarsel om det er isete og glatte parti på strekninga du skal køyra gjer deg til ein meir skjerpa og trygg sjåfør, seier Frode Kvam, produktleiar for Vegvesen.

Prognose for glatt veg

Den nye tenesta gir ein prognose for glatt veg på alle landet sine europavegar, riksvegar og fylkesvegar akkurat no og eit døgn fram i tid.

Kartet viser tydeleg område med liten, moderat eller høg risiko for glatt veg, slik at du kan vera budd på ulike køyreforhold. Prognosen for glatt veg er usikker på samme måte som eit vêrvarsel, og det er difor lurt å ta omsyn til at prognosane ikkje alltid stemmer med verkelegheita. Det er difor viktig at du tilpassar farten etter forholda.

Her finner du tjenesta prognose for glatt veg.

Kvar er køen?

Trafikkflyt gir eit bilde sanntid av trafikken på alle riksvegar, fylkesvegar og dei største kommunale vegane.

– Denne tenesta er det mange som har etterspurt. Neste steg blir å inkludera trafikkflyt i ruteplanleggaren for at me skal kunna gi trafikantene endå betre estimat på forventa reisetid, seier Kvam.

Tenesta Trafikkflyt finner du her.

Ettermiddagsrushet i Bergen. No kan du sjå trafikken i sanntid på alle europa- , riks-, fylkes- og dei mest trafikkerte kommunale vegane i Noreg. Illustrasjon: Statens vegvesen

Ei trygg og føreseieleg reise

– Dei nye tenestene skal gi deg som sjåfør eit betre grunnlag for å ta gode val og koma fram i tide. Er det høg risiko for glatt veg store delar av reisa,  eller mykje trafikk på vegen, kan det vera lurt å rekna ekstra tid og vera spesielt merksam på glatte strekningar, seier Kvam.

På www.vegvesen.no/trafikk finn du mykje informasjon og tenester som gjer det enkelt å få god oversikt over situasjonen på vegane. Mellom anna

Kart med alle trafikkmeldingar, der du kan filtrera på trafikkmeldingar som er viktige for deg.
Status for fjellovergangar
Status for bruer
Status for tunnelar
Sjekk køyeforholda via webkamera og vêrstasjonar

Powered by Labrador CMS