nyhende

Noko slikt kan du få sjå på samfunnshuset i Førde laurdag.FOTO: PRIVAT
Noko slikt kan du få sjå på samfunnshuset i Førde laurdag.

Lanserer ny Lego-festival

Førde Bygdalag inviterer alle generasjonar til Lego-bygging laurdag. — Dette kan fort blir ein årleg festival, seier Petter Hanseid.

Publisert Sist oppdatert

Det er ei foreldregruppe i Førde som har teke initiativ til arrangementet, som formelt er i regi av Førde Bygdalag.

Arrangørane har invitert ølensbu og Lego-entusiast Kjetil Espeland. Opp gjennom åra har hatt fleire liknande arrangement både heime og i Haugesund. Denne gongen tek han med seg klossane dine til Førde samfunnshus.

— Der blir det både utstilling og byggjekonkurransar, fortel Haneseid.

Konkurransar

Fleire lokale sponsorar er med som sponsorar, og i tilknyting til det blir dei besøkande utforde til å byggje alt frå draumehuset til draumskipet.

Petter Hanseid gler seg til Lego-festival i Førde.

Hanseid håpar arrangement treffer mange sambygdingar, på tvers av generasjonar.

— Det er det som er så kjekt med Lego. Du kan byggje om du er to eller hundre år, seier han.

Han fortel at dei også har spreidd ordet inn i flyktningmiljøet i Førde, med håp om at nokon av dei også vil komme.

Lego har jo heller ikkje noko språk. Det er noko alle kan ha det kjekt med uavhengig av kjøn, alder eller kulturell bakgrunn poengterer han.

Det blir mykje spennande Lego å både sjå og bygge med i Førde laurdag.

Laurdag blir det også eit eiga Duplo-hjørne, kor dei yngste kan byggje med klossar tilpassa deira alder.

Bygdalaget vil også stå for sal av både kioskvarer, pølser og pizza.

Lego-klubb i Førde?

Arrangementet har fått tildelt ein sum pengar frå aktivitetsmidlar som Sveio kommune lyste ut i fjor.

— Dette blir eit prøvearrangement. Blir det ein suksess, så kan det fort bli ein årleg greie, seier han.

Hanseid legg til at om interessa er der, så kan kanskje også bli ein Lego-klubb for barn og unge i tilknyting til det gamle Tinghuset som bygdelaget nyleg kjøpte og skal pusse opp.

Powered by Labrador CMS