Bildet av Sauherad Haukevik gard i Telemark er henta frå tradisjonsarkivet SAMLA. Hilmar Stigum Norsk FolkemuseumFOTO: Hilmar Stigum Norsk Folkemuseum
Lanserer digitalt tradisjonsarkiv
Den 26. september blir eitt av verdas største digitale tradisjonsarkiv tilgjengeleg for allmenta. Blant dei unike skattane finn vi Asbjørnsen og Moes originale eventyroppskrifter, skoltesamisk folkedikting, ølbryggingstradisjonar og segner om huldrefolk og gjenferd.
– Vi er utruleg stolte over SAMLA og korleis viktige kjelder til Noregs mangfaldige kulturhistorie har vorte tilgjengelege og søkbare, seier Kyrre Kverndokk, folklorist og professor ved Universitetet i Bergen.
Saman med Hans-Jakob Ågotnes har han leidd arbeidet med å utvikle Samla. Det nye arkivet er basert på samlingar frå Noregs tre største tradisjonsarkiv Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking og Etno-folkloristisk arkiv.
Blant verdas største
Samla har rundt 350.000 manuskriptsider og rundt ein million oppteikningar av folkeminne. Det gjer nettsida til eit av dei største digitale tradisjonsarkiva i verda.
Arkivet inneheld mellom anna mat- og ølbryggingstradisjonar, handverkstradisjonar, førestillingar om graviditet, haldningar til husdyr, plantetradisjonar og vêrteikn. Mellomalderballadane utgjer også ein viktig del av arkivet.
– Som nokon kanskje hugsar var Gåtes bidrag til Melodi Grand Prix basert på ein mellomalderballade. Denne balladen har vi mange variantar av i Samla, fortel Kverndokk.
Det nye digitale arkivet er ikkje berre for kunstnarar og historieinteresserte – arkivet er først og fremst ein viktig ressurs for forskarar og studentar innan humaniora.
Forskarar og studentar
– Samla opnar for at vi kan studere forteljingar, trusførestillingar og kulturelle praksisar på tvers av dei fysiske arkiva. Det gir også eit svært godt grunnlag for samanlikning med folkeminne frå andre land, som gjer det mogleg å gjennomføre undersøkingar som kan avdekkje kulturelle mønster og variasjonar over store område, seier Kverndokk.
Universitetet i Bergen har leidd arbeidet med å utvikle Samla. Universitetet i Oslo, Stiftelsen Norsk Folkemuseum og Institutet för språk och folkminnen (Sverige) er partnarar. Prosjektet er finansiert gjennom Noregs forskingsråd.