nyhende

PolitiUP er ikkje berre å treffa på E39. Det fekk trafikantar på Ålfjordvegen merka tysdag.

Lange køar på E39 etter ulukke

Politiet melder på Twitter at det ikkje skal vera personskadar.

Publisert Sist oppdatert

SISTE: Trakkfikken kan no passera forbi ulukkesstaden.

Den først meldinga kom kort tid etter klokka 14.00. Då blei det meldt om påkøyrsel bakfrå på E39 mellom Haukåskrysset og Haukås bensinstasjon. To bilar er involvert, og det var ein person i kvar av bilane. For kort tid sidan oppdaterte politiet i Sør-Vest at det ikkje er meldt om personskadar.

Den eine bilen har fått såpass skadar at den må tauast vekk, og bilbergar er bestilt.

Det oppsto raskt køar som følge av ulukka, og dei blir stadig lengre i påvente av bilbergar.

Brannvesenet i Sveio rykka ut for å bistå, men har no returnert til stasjonen.

Powered by Labrador CMS