NPK: Det har vore lange køar for oppkøyring fleire stader. Situasjonen har normalisert seg etter pandemien på mindre stadar, men det er framleis stor pågang i dei store byane, ifølgje Statens vegvesen.
– Statens vegvesen skuldar litt på korona enda, men det meiner eg dei ikkje kan gjere lenger, seier Synnøve Ekrene i Norges Trafikkskoleforbund.
Etterslepet etter ha stengt ned to månader i 2020, meiner Statens vegvesen dei tok fort igjen. Dei har òg auka kapasiteten og tilsett fleire sensorar og hatt mange førarprøver på overtid og helg.
Hovudårsaka til dei lange ventelistene skal vere at fleire har sett behovet for å ha førarkort.
– Folk har fått seg ein vekkjar og innser at førarkort kan vere viktig både i dagleglivet og på feire og fritid, seier Heidi-Kristin Herbst, seksjonssjef i Trafikant nord.
Samanlikna med første halvår i 2019 har det i 2021 vore ein auke på 19 prosent nasjonalt for talet på førarkortprøver.
Herbst håper på betring snart. Siste del av dei nye sensorane vil kome i arbeid i haust.