nyhende

Kyr på bås skal gå på beite 16 veker i året og få regelmessig mosjon, har regjeringa bestemt. Denne kua er ute på sommarbeite.
Kyr på bås skal gå på beite 16 veker i året og få regelmessig mosjon, har regjeringa bestemt. Denne kua er ute på sommarbeite.

Landbruksministeren ber om presisering av beitekrav for kyr på bås

Kyr på bås skal gå på beite 16 veker i året og få regelmessig mosjon. Kravet gjeld frå årsskiftet og landbruks- og matministeren ber no om ei presisering av korleis dette skal skje i praksis.

Publisert Sist oppdatert

Beitekravet seier at kyr skal gå på beite i 16 veker. Om forholda ikkje ligg til rette, kan beitetida bli redusert med fire veker. I utgangspunktet tek bonden denne avgjerda sjølv.

– Mattilsynet har fått i oppdrag å presisera krava slik at dei blir lettare å forstå og etterleva. Det vil då bli tydelegare kven som får krav om minst 16 vekers beiting, og kven som vil få krav om minst 12 vekers beiting, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) i ei pressemelding.

Heilt bananas

Mattilsynet jobbar no med eit utkast til forskrift som seinare skal på høyring. Landbruks- og matdepartementet har i tillegg bedt Mattilsynet om å føreslå oppheving av mosjonskravet.

– Det kravet trur eg ikkje er tenkt særleg mykje igjennom. Om du dreg ei ku ut av fjøset sitt berre for ein tur midt på vinteren trur eg kua ville gått heilt bananas, seier Pollestad til NRK.

Seinast 1. mai

Ved å ta utgangspunkt i beitesoner som legg til rette for beiting i både 16 og 12 veker, håpar regjeringa å få harmonisert krava til beitetilskot. Regjeringa håpar òg at forskriftsendringa skal vera fastsett seinast 1. mai, slik at det er på plass før beitesesongen.

– Om ein gard både har båsfjøs og manglar moglegheit til å gje kyrne lang beiteperiode, manglar garden grunnlag for hald av kyr, seier kommunikasjonsleiar Live Kleveland i Dyrevernalliansen.

Ho meiner at mosjonskravet ville ført til betre dyrevelferd.

Powered by Labrador CMS