nyhende

– Lågtrykka kjem på rekkje og rad

Det er venta skikkeleg møkkavêr i store delar av Sør-Noreg måndag. Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for både lyn, regn, flaum og jordskred.

Publisert Sist oppdatert

– Sommaren er over, skriv Meteorologisk institutt på X måndag.

Vi er godt inne i den første haustmånaden, og denne veka skal by på skikkeleg haustvêr i store delar av landet.

Meteorologane har sendt ut ei rekkje farevarsel for delar av Sør-Noreg, der det er fare for styrtregn, lyn, flaumskred og flaum enkelte stader. Måndag og første del av tysdag er mykje regn venta og kraftige regnbyer. Mange stader vil det komme 30 til 40 millimeter på 24 timar, og enkelte stader kan få opptil 70 millimeter gjennom eit døgn.

Dei kraftigaste regnbyene er venta måndag ettermiddag og kveld og natt til tysdag.

– Det kan bli nokre ganske kraftige byer. Det vil variere lokalt, og det er vanskeleg å seie kva område det vil bli kraftigast, seier vakthavande meteorolog Ingvild Villa i Meteorologisk institutt til NTB.

Vegstrekningar kan bli stengde

I same slengen fører vêret med seg mykje lyn, og det er sendt ut gult farevarsel for lyn for delar av Rogaland, Agder og Austlandet. Gult farevarsel for jord- og flaumskredfare i delar av Sør-Noreg gjer at vegstrekningar kan bli stengde, og folk blir tilrådde å halde seg unna bratte skråningar og elveløp med stor vassføring.

Gult farevarsel er også utsendt for flaum. Vassføringa er venta å auke raskt i små og middels store elvar.

Alle farevarsla strekkjer seg fram til tysdag, der dei går ut på ulike tidspunkt.

Måndag diskuterte meteorologane endringar i farevarsla, men sjølv om det er venta mykje regn, held farevarselet fram med å vere på gult nivå, opplyser Villa.

– Vått, grått og vind

Meteorologen seier at lågtrykksvêret skal halde fram utover veka.

– Jamt over så blir det vått, grått og ein del vind, spesielt langs kysten i vest, seier ho.

Onsdag vil det komme inn endå eit lågtrykk som vil halde fram med å gi ein del nedbør.

– Lågtrykka kjem på rekkje og rad. Utover veka og inn mot helga vil lågtrykka få ei meir nordleg bane. Det vil gjere at Austlandet kjem i le for den verste nedbøren. Temperaturane kan også stige i Nord-Noreg, og fredag kan temperaturane krype opp mot 20-talet lokalt, seier Villa.

Powered by Labrador CMS