nyhende
Lågtflygande helikopter var øving
Rundt klokka eitt natt til søndag vakna bebuarar på Tveit av eit helikopter som hang over huset til naboen og det lyste godt opp i terrenget.
– Det flaug først over vestdelen av Vigdarvatnet, hang rundt fem minutt over nabohuset vårt mens det leitande flytta lysstrålane over området aust for husa våre, før det sakte forflytta seg mot Lindøy. Vår første tanke var om det hadde skjedd noko med naboane våre, eller at det blei leita etter nokon i terrenget, fortel Gjertrud Fludal. Ho var saman med tre andre personar i huset då det skjedde.
Flightradar
Ved hjelp av mobilen og appen «Flightradar24» fann dei ut at helikopteret var av dei nye redningshelikoptera og flighttradaren viste at det kom frå Sola.
På skjermen kunne dei sjå at helikopteret flaug sakte over Halseid og til fjellområdet nord for Hodnafjellet, før det byrja å gå tilbake sørover. Då det kom til Boknafjorden flaug det innover mot nordspissen av Sjernarøy, tok nokre rundar der før det returnerte til Sola.
Flightradar er ein app som gjer det mogleg å følgja fly over heile kloden i sanntid. På eit interaktivt kart kan ein mellom anna avlesa type fly, posisjon, høgde, kurs og fart.
Pressevakta for hovudredningssentralen på Sola bekreftar at dette har vore ei øving, då dei ikkje hadde oppdrag i området den aktuelle natta.