nyhende

Det lokale testsenteret for covid-19 i Aksdal.Arkivfoto: Irene Flatnes Haldin
Det lokale testsenteret for covid-19 i Aksdal.

Lågare testaktivitet – ber folk bestilla time raskt ved symptom

Færre oppsøker testsentra i kommunane rundt oss. Kommunelegar ber innbyggjarar med luftvegssymptom om å testa seg raskt, sjølv om det me er inne i ein periode med lite smitte lokalt.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune la tysdag ut denne meldinga frå kommunelegane på ytre Haugalandet:

Den siste veka har testaktiviteten vore merkbart lågare enn vanleg i våre kommunar. Dette kan skuldast mindre luftvegsjukdom generelt. Det er òg mogleg at terskelen for å testa seg har blitt litt høgare, fordi me no har hatt ein periode med svært lite smitte lokalt.

Når me no er i ein situasjon med ein mer smittsam mutasjon på Austlandet, vil vårt første forsvarsverk mot dette vera tidleg oppdaging av nye tilfelle. Då er me heilt avhengige av at alle som får luftvegsymptom er raske med å testa seg. Berre slik kan me halda ei god oversikt over smittesituasjonen lokalt. Dette er ein viktig føresetnad for å kunna gjera gode tiltak dersom me får importert det meir smittsame viruset til våre kommunar.

Me vil derfor takka alle innbyggarane våre for at de vil fortsetta å stilla opp til testing når de får symptom. Uansett kva svar testen viser, bidrar du då til at me fortsett kan ha god oversikt over smittesituasjonen på Haugalandet.

Powered by Labrador CMS