nyhende
Lagar plass til elbilladarar
Grunnarbeidet for den nye ladestasjonen ved Haukås Bensinstasjon har starta. Regionsjef Randi Kvaløy i bensinstasjonkjeden St1 reknar med opning i februar-mars neste år.
Stasjonen får seks ladepunkt, kvart på 150 kW. St1 tar heile utbyggingskostnaden. Kor stor den kostnaden blir, vil ikkje Kvaløy seia noko om før alt er på plass.
– Viktig stasjon
– Det er snakk om ei stor investering. For oss er Haukås viktig, no og i framtida. Difor satsar me på denne utbygginga. Stasjonen er blant dei største i vår region med omsyn til omsetnad av drivstoff. Haukås ligg strategisk til på strekninga mellom Stavanger og Bergen, seier Kvaløy.
Regionen hennar strekkjer seg frå Stord i nord til Flekkefjord i sør. Innanfor dette området har ho ansvar for 25 bensinstasjonar. Ved fleire av desse stasjonane pågår det no ut bygging av ladestasjonar for elbilar.
– Nødvendig omstilling
– Det er viktig å vera førebudd på den omstillinga til nye energikjelder som er på gang, seier Kvaløy.
Når utbygginga på Haukås drar ut i tid, har det fleire årsaker. Nett no har arbeidet stoppa av di utbyggaren har ønske om endra trasé for ei kabelgrøft. Dette medfører ny søknadsprosess, forklarar regionsjefen.
Frå Shell til St1
Bensinstasjonskjeden St1 er eit finsk selskap som sidan 2015 har eigd dei fleste Shell-stasjonane i Noreg, og har hatt leveringsavtale med dei lokalt eigde stasjonane som Haukås Bensinstasjon. Gjennom ein lisensavtale med Shell har profilen vore uendra, men dette er no i endring.
– I løpet av 2025 skal alle stasjonane omprofilerast. Shell-namnet vil forsvinna både frå Haukås og resten av landet. I staden blir namnet og profilen St1 på alle stasjonane, forklarar regionsjefen.
Omprofileringa kan dermed minna om det som skjedde då Statoil-stasjonane blei til Cirkle K for rundt ti år sidan.