nyhende
Lagar folkedans-wikipedia
Noregs Ungdomslag skal filme danse- og leiketradisjonar frå heile landet
Møre og Romsdal var først ute, der har dei halde på sidan 2016, og det er laga rundt 50 videoar frå fylket. Det er born og unge som dansar på videoane, og slik skal lokale danse- og leiketradisjonar sikrast for framtida.
– Folkepedia.no er eit nasjonalt prosjekt i Noregs Ungdomslag (NU), der vi lagar instruksjonsfilmar innan folkedans. Ordet Folkepedia er samansett av «folke» for folkedans og folkeviseleik og «pedia» som både spelar på pedagogikk og Wikipedia, fortel prosjektleiar Solveig Brekke Hauknes til Nynorsk pressekontor.
Ho er opphavleg frå Bærum.
Det er rundt 300 lokallag i NU, og av desse driv cirka 200 med dans. I tillegg er det også andre lag utanfor NU som driv med dans, blant anna gjennom kulturskular. Det er ikkje berre pop, rock og hiphop som interesserer den unge generasjonen. Folkedansmiljøet er faktisk ganske stort, forsikrar ho.
Springar og halling
Gjennom prosjektet har dei blant anna filma springarar frå Romsdal, springar frå Sykkylven, Nordmørspols, ulike variantar av halling, runddans, turdans, rilar, polka og mykje meir vorte filma. Det er snakk om ein god del til dels avanserte dansar, i tillegg til ein del enklare songleikar. Og det unike er at det er born og unge som dansar i instruksjonsvideoane, som er tilgjengelege for alle.
– Det er stort aldersspenn mellom dei som er med. I Hornindal var det fleire 4-5-åringar med, saman med ungdomar opp til 20-årsalderen. Dei medverkande er stolte av den lokale tradisjonen dei er ein del av. Erfaringa er at dansinga er fengjande og kjekt for både unge og vaksne, seier prosjektleiaren.
Og kult er det også, forsikrar ho.
Ho fortel at dei har hatt stort fokus på at videoane skal vere av høg kvalitet. Derfor har dei lagt pengar og ressursar i å ha dyktige fotografar, klipparar og regissørar.
– Vi har ikkje filma berre innandørs i kulturhus, men også mykje ute i naturen, fine og visuelle stader med lokalt særpreg. Det er også eit pedagogisk grep, for dette skal gi både unge og eldre lyst til å prøve desse dansane sjølve, forklarar Solveig Brekke Hauknes.
Ny giv etter koronaen
Snart to år med korona har gjort at det vanskeleg å drive prosjektet fleire stader, men Haukås har tru på at det skal snu når restriksjonane er oppheva. I Møre og Romsdal har fylkeskommunen gått inn med støtte til prosjektet, og no håper ho at også fleire fylkeskommunar vil bli med på liknande prosjekt.
Håpet er at Folkepedia skal bli ein database for å hente fram informasjon, kunnskap og inspirasjon.
– Det er viktig at ting blir gjort tilgjengelege visuelt, slik at vi kan formidle den immaterielle kulturarven på nye måtar, seier ho.
Anna Gjendem frå Molde har vore prosjektleiar for Folkepedia i Møre og Romsdal. Ho er utdanna folkedansar og jobbar i Folkemusikkarkivet i fylket, og arkivet har vore ein nyttig medspelar i arbeidet.
– Det er viktig å gjere folkedansen tilgjengeleg for alle. Det hjelper ikkje at det står skrive i bøker. Vi må gjere det enkelt for folk ved berre å setje på ein film og slik ufarleggjere dansen. Vi må gjere det lettare for folk, seier ho til NPK.
Gjendem har samarbeidd med skular og ungdomslag om prosjektet. Ho har brukt Den kulturelle skulesekken til å lære bort dans til elevar, og ho har prøvd å halde kurs for lærarar i bruken av Folkepedia.
Det har vore litt vanskeleg no når skulane har vore på gult nivå, men ho reknar med at det vil ta seg opp framover mot sommaren.
Heilt i hundre
– Borna har syntest det har vore veldig kjekt, ikkje minst å danse framfor kamera. Det gir ein ny glød. Nokre av dei får ha med seg ein liten mikrofon festa på skjorta, ein såkalla mygg. Eg fekk ei melding frå ei mor der sonen hadde vore heilt i hundre. Han hadde sunge solo med mikrofon, og då hadde han verkeleg fått gløden. Det er kjekt å få slike tilbakemeldingar, seier ho,
Anna Gjendem fortel at borna sette pris på å få vere med på premierefesten for videoane.
– Vi hadde premierefest i Molde 25. januar med brus, potetgull og film etterpå. Stemninga var svært god. Litt flaut for nokre sjå og høyre seg sjølve, men veldig kjekt, legg ho til.
Gjendem fortel at målet med prosjektet har vore å involvere born og unge i dansetradisjonane ei fylket, slik at dei kan formidle desse tradisjonane til andre born og unge. I Møre og Romsdal har det vore eit samarbeid med lokale danselag, spelemannslag, barnehagar og skular. Samarbeid er eit stikkord.
Målet er at gjere folkedansen meir tilgjengeleg og meir synleg, og Folkepedia skal vere eit prosjekt som skal involvere born og unge i møtet med eigne tradisjonar. Alle kan gå inn å sjå på videoane på Folkepedia.no.
Gleda ved å danse
Kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Heidi-Iren Wedlog-Olsen er svært nøgd med at det er laga 50 dansefilmar frå fylket. Dei filmane ho har sett har vore gode, og ho trekkjer fram at dei formidlar godt gleda ved å danse.
– Som fylkeskommune har vi ansvar for å vere med på å sikre, dokumentere og fremje den immaterielle kulturarven i fylket vår. I Noreg er vi flinke til å ta vare på hus, gjenstandar og andre materielle kulturminne. Den immaterielle kulturarven, som folkedansen og folkemusikken, treng andre rammevilkår. Då vi vart presenterte for ideen Folkepedia, såg vi på det som spennande på grunn av formidlingsgrepa dei brukar, seier ho.
Wedlog-Olsen trur Folkepedia-prosjektet vil vere med på å gi ei større forståing for kven vi har vore og kven vi er.
– Samstundes er det å danse godt for helsa, både fysisk og psykisk. Eg får i alle fall både betre humør og betre livskvalitet av dansen, avsluttar ho.
(©NPK)