nyhende
– Lagar ei spesiell stemning
Å pynta til jul er koseleg, men det gjev også meir lys i ei mørk tid. Me har vitja to stadar i kvar si ende av Sveio som begge gjer juletida finare å sjå på, både for seg sjølv og andre.
– Julelys for meg betyr koseleg stemning. Det er så mange som synest mørketida er så trist, men eg synest det lagar ei spesiell stemning, seier Trine Tveit.
Vågabuen sitt hus står langs vegen i ein skrånande bakke ned mot sjøen. Kjem ein køyrande i desember er det nok umogeleg å ikkje leggja merke til heimen hennar. Figurar, lyslekkjer, julestjerne og sjølvsagt hovudpersonen den store kvelden, julenissen. Alle kan sjåast skinande gjennom mørket.
– Å pynta med lys ute gjer mørket så fint, seier Tveit og legg til:
– Ikkje minst så visast skitne vindauge mykje mindre, spøker ho.
Tradisjon
Dette er ein juletradisjon ho har hatt i mange år. Huset på Våga har ho berre budd i eitt år etter dei flytta dit i frå Sveioåsen. Dei kjøpte heimen frå hennar besteforeldre, og det er faktisk mødrene til foreldra hennar som har vore viktige i å dyrka kjærleiken for julelysa. Mormora har faktisk vore omtalt i media.
– Hugsar du første gong du pynta til jul?
– Eg har alltid pynta til jul så det er vanskeleg å hugsa første gong. Eg hadde ei mormor som elska jul og å pynta, så det var nok ho som fekk meg interessert. Og så hjelpte eg alltid farmora mi å ta fram julepynten, svarar Tveit.
Pyntinga har vakse i omfang med tida, særleg etter dei flytta til ein stad med større hage. No har dei garasje, hønsehus og verkstad rundt om på tomta. Til og med føysa i hagen har fått lyslekkje. Og tek ein turen inn står det mellom anna eit gamalt nissehus laga av farfaren hennar.
– Har du nokre reglar for pynting?
– På ein måte. Det meste skal vera på plass til første desember, for då er det baking og kvalitetstid som står i fokus, seier Tveit og legg til:
– Men me har ein uskreven regel om at eg ikkje får ta fram pynten før november er komen.
I mormors fotspor
Dei fleste knytter jula til minne om familie, og Tveit er ikkje annleis på det viset. Difor er det fint å kjenna på at når ho dyrkar ei lidenskap som å pynta til jul, held ho fram noko som byrja hjå mormora si.
– Ho vart 86 år gamal og pynta huset sitt for aller siste gong i 2015. I januar 2016 sovna ho stille inn. Sjølv om ho var veldig sjuk den siste jula var det for ho like viktig å få opp alt den siste jula, seier Tveit og fortset:
– Ho er ofte i tankane mine, særleg i november og desember. Ho elska jul! Og englar!
Mormora heit Gunvor Emilie Tjoland og var over gjennomsnittet glad i å pynta til jul, noko som var til glede for naboar og mange, mange andre.
– Ho fekk aldri nok og ho elska at folk kom køyrande til heimen hennar for å sjå alle lysa ute, eller dei fleire hundre nissane inne. Det var julehuset i Aksdal det. Desse gode minna gjer for meg at julestemning med lys og pynt er heilt spesielt, mimra Tveit om mormora si.
Juleynskje
Som hos mormor har også folk komne køyrande for å sjå på julehuset hennar. Og lik som mormora tek ho pyntinga i eigne hender. Vel, nesten.
– Sambuaren min gjer det eg ikkje rekk opp til sjølv, humrar ho.
– Kva ynskjer du det til jul?
– Eg kan ikkje seia snille ungar, for det har eg. Eg ynskjer meg ein koseleg jul med mine kjære, seier Tveit og legg til avsluttande:
– Og ei ny morgonkåpe då.