nyhende
Låg valdeltaking på Vikse så langt
Fram til klokka 15 i ettermiddag hadde berre 50 vore innom røystelokalet på Vikse skule og avgitt si stemme i den rådgjevande folkerøystinga om fylkestilknyting.
— Spesielt saknar me dei mellom 16 og 20 år, seier leiar i røystestyret Elise Tollaksen Vikse.
Ho er spent på om den låge oppslutnaden så langt skuldast at svært mange denne gongen har førehandsrøysta. Og ho er spent på om Vikse skiljer seg ut, eller om tendensen er den same i alle valkrinsane.
Kanskje opp i 80
Ut frå oppslutnaden så langt, kalkulerer valstyret med at dei kanskje vil koma opp i 80 avgitte stemmer før dei stengjer dørene klokka 19. Til samanlikning ville dei vore oppe i 230 ved eit stortingsval, påpeikar nestleiar Ingvar Vierdal.
Det var svært stille og ikkje ein einaste veljar til stades då Vestavind besøkte vallokalet, men etter kvart kom to småbarnsmødre som kombinerte henting av barn med røysting. Ei av dei var Siren Bråtveit.
— Eg stemte Rogaland, seier ho.
—Er du dermed representativ for denne delen av kommunen, trur du?
— Ja, det trur eg nok. Me bur nær Rogaland, arbeidar i Rogaland, er med på fritidsaktivitetar i Haugesund og der skal borna også gå på vidaregåande skule. Eg forstår at folk nord for Sveio sentrum kan føla sterkare tilknyting til Vestland. Sjølv kjem eg frå Haugesund og har enno ikkje fått den sterke tilknytinga til Sveio.
— Engasjementet er stort
Bråtveit seier at ho av den grunn heller ikkje har noko føling med om fylkesspørsmålet splittar sveibuen i nemneverdig grad.
— Er det eit viktig val kommunen står overfor?
— Ja, det er det jo. Og engasjementet er stort, det er tydeleg på sosiale medier.
— Har du kjensle av kva retning det går i?
— Ut frå engasjementet på sosiale medier kan det sjå ut til å gå mot fleirtal for Vestland, seier Bråtveit, som ventar spent på valresultatet.