nyhende
— Lag kjøkenhage med beredskapsperspektiv
Mattryggleik er tilgang til nok og trygg mat. Noreg har ein sjølvforsyningsgrad på 45 prosent, resten må vi importere. Med ei ustabil verd rundt oss og ein pandemi som framleis ikkje er over, kan det kanskje vere smart å tenkje på beredskapshage?
Ekteparet har også skrive bok om temaet saman med dottera si Maria. Der deler dei erfaring og kunnskap om kjøkenhage i eit sjølvbergingsperspektiv.
Matvareflyt er ikkje sjølvsagt
Føremålet er å gjere det mogleg for flest mogleg å dyrke mest mogleg mat i eige nærområde – om situasjonen skulle krevje det. For det utenkjeleg kan skje – viktige funksjonar i eit velfungerande samfunn kan bryte saman. Global matvareflyt kan møte på hinder og føre til skyhøge matvareprisar.
– Kven hadde trudd for få år sidan at denne tematikken skulle bli så aktuell akkurat no?! Klimakrisa har akselerert, vi har fått ein pandemi og det er nyleg blitt krig i Europa. Men kriser kjem gjerne uventa. Sjølv om vi er eit rikt land og styresmaktene våre er budde på ulike kriser, må vi ikkje tru at vi ikkje er sårbare, seier Anders Nordrum.
Datsjakulturen
Ekteparet Nordrum er – paradoksalt nok i desse dagar – inspirert av den sovjetrussiske datsjakulturen. Ein datsja er kort fortalt ein kolonihage eller liten jordlapp der russarar dyrkar eigne grønsaker utanfor byane. Det var sovjetstaten som i si tid la til rette for slike dyrkingsområde, og sidan 1930-talet har datsjaen hjelpt austeuropearar gjennom mange krisetider med matmangel og er framleis ein viktig del av matforsyninga deira. Russarar er også skeptiske til kva dei kan få i seg av sprøytemiddel frå kjøpte grønsaker. Når dei dyrkar sjølv, veit dei kva dei et.
– Kva kan vi lære av datsjakulturen?
– Vi nordmenn tek det for gitt at vi har mat på bordet kvar dag. Vi må erkjenne at uventa ting kan skje. Sjølvberging er ein viktig del av livet til austeuropearane. Datsjaen er ein buffer i matsystemet deira som vi bør ta lærdom av, iallfall dyrketeknisk. Dersom samfunnet bryt saman, må ein klare seg med lokale ressursar i «trillebår»-avstand, seier Nordrum og er derfor kritisk til nedbygging av matjord i bynære strøk her i landet.
– Vern av jord nær bygrensa er ikkje viktig i seg sjølv, men bynær jord kan raskt gjerast om til parsellar i sykkelavstand for innbyggjarane dersom det skulle bli behov for dyrking.
Dyrk utan hjelp frå hagesenter
Ifølgje Økologisk Norge er det rekordmange som vil dyrke sin eigen mat. Denne våren er det til dømes fleire enn 10.000 som vil vere med i eit andelsbruk.
– Relevante grunnar til auken no, er koronapandemien, klimakrisa og Ukraina-krigen. Mange ønskjer å vite kor maten kjem frå, og vil vere med på å dyrke han, seier Markus Hustad, dagleg leiar i Økologisk Norge til NRK.
Den vanlege Kari og Ola Nordmann kan få til ein beredskapshage utan særleg dyrkeerfaring, ifølgje Anders Nordrum. Både oppspadd plen og ein balkonghage kan gi nyttig avling ved eit knipetak. Under første og andre verdskrigen vart det til dømes dyrka poteter i mange plenar her i landet, til og med i Slottsparken.
På kjøkenhagekursa hos Nordrum er utgangspunktet at ein berre har frø og ein spade å hjelpe seg med. Dersom samfunnet bryt saman kan ein nemleg ikkje dra på eit hagesenter å kjøpe frø, reiskap, jord eller gjødsel. Kanskje er det ikkje bensin på biltanken heller. Grønsakfrø bør derfor vere ein del av beredskapslageret vårt – dei held i årevis i fryseboksen tett pakka i eit sylteglas med lokk, fortel den erfarne gartnaren.
Kål og rotfrukter
– Kva grønsakfrø er viktig å ha på lager?
– Ulike kålvekstar, som til dømes hovudkål, kålrot, knutekål og nepe, gir mykje energi og er sunt. Elles vil eg foreslå raudbete, gulrot og sjalottløk, i tillegg til settepotet av ein sort som du veit passar lokalt, seier Anders Nordrum.
Han og familien bur i Valdres og har sjølv ein beredskapshage på 200 kvadratmeter der dei dyrkar det meste av det dei treng av grønsaker, berre ved hjelp av det som er tilgjengeleg i nærmiljøet.
– Vi brukar grasklipp og brenneslevatn, og urin tidleg i sesongen, som gjødsel og det fungerer overraskande bra. Vi får større avling enn ved å drive konvensjonelt med kunst- og husdyrgjødsel. Med eit variert utval grønsaker snakkar vi om 4–500 kilo. Det gir eit verdifullt dagleg kosttilskot til ein familie på fire. Og uansett storleik på hagen vil eiga avling bety mykje i ein kritisk matsituasjon.
Alle kan bidra litt
– Ja, for ingen klarar vel å bli sjølvforsynte?
– Nei, ingen klarar å dyrke alt dei trenger i ein liten kjøkenhagen. Men dersom det uventa skulle skje, vil alle monnar dra i den totale matberedskapen. Det er viktig at folk forstår at dei kan bidra i den store kabalen viss dei er villige til å ta ansvar for seg sjølv og andre. Alt som gir meining i ein kritisk situasjon er positivt. Ein liten kjøkenhage kan ta bort kjensla av avmakt. Det skal vi ikkje undervurdere, seier Nordrum.
Hjarterom for flyktningar i hagen
Han peikar også på at kjøkenhagen kan vere ein døropnar for alle dei ukrainske flyktningane som i tida framover vil kome til norske kommunar.
– Dette er menneske som er vane med datsjaer og dyrking. No har dei reist frå mennene sine og spirande tomatplanter i vindauge heime. Inviter dei inn i hagen din og la dei få sjå og gjere noko dei har eit forhold til. Dei har mykje å lære oss, og hagen er ein fantastisk møtestad og gir fellesskap, seier Anders Nordrum.
Han meiner både privatpersonar, hagelag, bondelag og kommunar bør ha dette i tankane.
– Gi dei ein pallekarm, fres opp delar av plenen din, eller gi dei eit kommunalt jordstykke. La dei få ein kjærkommen stad der dei kan få tankane bort frå alt det vonde heime ei lita stund. Det vil gjere godt for både dei og oss, seier gartnaren og legg til entusiastisk:
– Solsikke er nasjonalblomen i Ukraina. Så kvifor ikkje så mengder av solsikker i år over heile Noreg for å ønskje «solsikkefolket» ordentleg velkommen!
(©NPK)