nyhende
Lærte å lesa av Donald. No har han skrive bok
Alf Kjetil Walgermo skriv oftast om religion, kultur og andre vektige tema. No har han handsama Donald Duck med same tyngd som Bibelen.
– Du har alle dei norske Donald-blada?
– Ja, men ikkje alle fyrsteutgåvene. Dei er så dyre. Skal du ha det fyrste originalt i god stand må du ut med over 100.000 kroner, og så vill er eg ikkje.
Alf Kjetil Walgermo er utan tvil ein av dei største Donald Duck-tilhengjarane i Noreg. Ikkje berre eig han alle blada som er komne ut på norsk sidan byrjinga i 1948, han har også kvar einaste Donald-pocket.
– Pocket nummer ni byta eg til meg mot ein sjeldan mynt eg hadde då eg var gut. Eg vart sikkert lurt, men eg fekk komplettert samlinga. No har eg alle frå nummer éin til 563, seier forfattaren og journalisten.
Og ikkje berre er det hyllefyll heller. Walgermo har vore ein ivrig lesar heilt sidan han var liten gut. No har han skrive bok om korleis Donald Duck kan vekkja lesegleda, og kor mykje av verdslitteraturen som er til stades i den venerable teikneserien.
Frå Donald til Tolstoj
– Du har altså nyleg kome med boka «Litteratur i Andeby,» om korleis verdslitteraturen er til stades i Donald-universet. Korleis hamna du sjølv i denne verda?
– Eg lærte å lesa med Donald, det var inngangsporten til lesing og litteratur. Eg las ekstremt mykje Donald som barn, hjå gamle naboar og i feriar og slikt. Etter kvart byrja eg å kjøpa blad og pocketar sjølv. Eg pla rana sparegrisen med smørkniv og lirka ut myntar, slik at eg kunne gå på butikken, seier sunnmøringen.
Dette vart starten på ein lang karriere med fokus på kultur og litteratur. Walgermo seier det verkeleg gjekk opp for han på universitetet kor mykje han hadde lært av teikneseriane.
– Donald gjorde meg nyfiken på verdslitteraturen. Så, mange år seinare, då eg byrja å studera litteratur på universitetet, oppdaga eg jo at eg hadde lese mange av verka på pensum før, i Donald-versjon.
Gjennom tida har det i Donald-universet, og særskild i pocketane, vore mange historier som er inspirerte av eller som parodierer kjende verk. Walgermo trekker mellom anna fram «Krig og fred», «Les Miserable» og «Tatt av vinden» som verka han merka seg i teikneserieformat.
Plass til Bibelen
Forfattaren seier ideen til boka kom for kring 15 år sidan, og han har pusla med å samla trådane i mange år, før han endeleg sette seg ned og skreiv henne etter pandemien. Det var trass alt mykje materiale å arbeida seg gjennom.
– I arbeidet med boka, var det noko som overraska deg?
– Det som overraska er kor massivt bøkene er til stades. Andeby rommar så mykje, både kultur, samfunnsliv og litteratur. Til og med Bibelen finst det parodiar på. Dei fleste har kanskje ein tanke om at bibel og Donald er i to ulike univers, men så har det kome parodiar på Noahs ark, tårnet i Babel, Samson og Dalila, David og Goliat og mykje anna. Serieskaparane har ikkje vore redde for å ta i bibelstoff.
Og bibelstoff er kjend materiale for Walgermo. Ikkje berre er han mangeårig journalist i den kristne dagsavisa Vårt Land, han byrja også særs tidleg å lesa skrifta.
– Eg fekk ein bibel på søndagsskulen som sjuåring. Det var ingen barnebibel heller, det var ein ordentleg bibel. Eg byrja berre å lesa han, sidan eg hadde lært å lesa av Donald, og fann at det var mange spanande historier der også. Det var Donald og Bibelen eg byrja å lesa med, og sidan eg tidlegare har skrive bøker om Bibelen, måtte eg skriva om Donald også.
Kan hjelpa med lesegleda
No er det vel ingen som ventar at alle sjuåringar skal byrja å lesa gamletestamentet, men like fullt er det ein debatt for tida om at born les for lite. Kan kanskje Donald Duck hjelpa den oppveksande generasjonane til å finna leselysta?
– Eg trur Donald framleis kan bidra til å gje leseglede og leselyst både for vaksne og born. Den erfaringa eg hadde med å få den genuine lesegleda inn med Donald trur eg ikkje berre er ein individuell erfaring, det er veldig mange som har hatt den. Donald Duck lærte det norske folk å lesa, slår Walgermo fast.
Han håpar no at den nye boka hans kan bidra til at både nye og gamle lesarar finn fram att Donald-blada. Han vil faktisk gå så langt som å tilrå at Donald kjem inn i skuleverket, og meiner somme av historiene er vel på høgd med det beste i litteraturen.
– Mange av dei sterkaste Donald-historiene meiner eg står som pålar i litteraturhistoria på linje med klassikarane i verdslitteraturen. Dei beste historiene av Carl Barks og Don Rosa er forteljekunst av særs høg kvalitet. Dei står ikkje tilbake for ei god klassisk roman. «Skrues liv» av Don Rosa til dømes. Den serien er eit meisterverk.
– Har du nokre tips til foreldre som vil at borna deira skal lesa meir? Sånn bortsett frå å finna fram Donald-blada?
– Det aller beste tipset er: les sjølv. Det nyttar ikkje å seia til ungane at dei skal lesa, medan du sit og skrollar på telefonen. Det er absolutt det viktigaste for å overføra leseglede og leseinteresse, for ungar ser på kva dei vaksne gjer meir enn dei høyrer på kva dei vaksne seier.