nyhende

seniornett juleavslutning
Medlemmene i Seniornett Sveio avslutta året med julemøte på Kaien i Førde onsdag denne veka. Framme frå venstre: Nina Sørhus og Kristianne Uri (begge Sveio Frivilligsentral) og Eva Førde. Bak frå venstre: Elisabeth Tollaksen Vikse, Ingeborg Kjeilen, Randi Vandaskog, Brit Elin Mølstre, Einar Halleland, Valgjerd Rønnevik, John Rønnevik og Kirsten Frøvik. (Helge Matre er fast rettleiar, men var ikkje til stades denne dagen).

Lærer gjerne bort «data-tips» til fleire

Fem år har gått sidan starten for Seniornett Sveio. Siste året har det vore liten aktivitet grunna koronasituasjonen, difor blei ei felles juleavslutning med tilbehør av pinnekjøt og riskrem, sett ekstra stor pris på.

Publisert Sist oppdatert

– Me er ein god gjeng, men har plass til fleire. Me veit det er mange eldre som har lyst å koma seg på nett, andre ønskjer meir trening. Som medlem i Seniornett får du hjelp til alt dette. I dag er nesten alt på nett, du kan sjekka bank og skatt heimefrå, ein fordel er at du også lettare kan halda kontakt med familie og vener, seier Kristianne Uri, leiar i Sveio frivilligsentral.

Frivillige hjelparar

Uri skryt over Seniornett sine frivillige hjelparar som meir enn gjerne deler kunnskap. Hjelpa kan blant anna bestå i å oppdatera appen «Easy Park», ein viktig ting å hugsa på når ein skal parkera bynært. Andre ønskjer tips om korleis koma inn i «skya» for å lagra bildene sine.

– Det mest typiske som går igjen kjem inn under kategorien «Innstillinger», i tillegg til korleis ordna, leggja ut på nett, senda og vidaresenda bilder, seier Brit Elin Mølstre. Ho er ein av dei faste datahjelparane.

– Eg synes rettleiarane våre gjer ein svært god jobb, rosar Randi Vandaskog.

Sosial gevinst

Rundt langbordet går praten ivrig, alle er tydeleg glade for å sjå kvarandre igjen. Likevel er den ekstra avstanden mellom stolane ei påminning om smittefaren.

– Eg trur den sosiale gevinsten er større enn redsla for å bli smitta. Særleg for folk som bur åleine er slike møte kjærkomne, meiner Kristianne Uri.

Fast møteplass for Seniornett er på Sambrukshuset i Sveio sentrum. Møta er annakvar onsdag og startar opp igjen etter nyttår.

Powered by Labrador CMS