nyhende
Laber interesse for Kypros-tur
Frivilligsentralane i Sveio og Etne slit med å få nok deltakarar til den planlagde Kypros-turen i haust.
– Me har sett minimumstalet på deltakarar til 25. Til nå er det berre 22 som har meldt seg på. Me manglar altså tre deltakarar for at det i det heile tatt skal bli tur, seier Guro Røher Eriksen.
Ho er dagleg leiar for Sveio Frivilligsentral. Røher fortel også at berre to av dei 22 påmelde er sveibuar. Resten kjem frå Etne og Ølen.
Krigsfrykt
Røher Eriksen trur det kan vera fleire årsaker til at interessa for turen har vore så laber. Mellom anna trur ho det tar tid å introdusera eit nytt tilbod.
– Dessutan veit me at krigen i Midtausten spelar inn. Fleire har gitt uttrykk for at dei tykkjer Kypros ligg litt for nær dei stadene der det no er krigshandlingar, sier ho.
Prisen har ho derimot ikkje høyrt innvendingar mot. Turen kostar i underkant av 20.000 kroner per person.
Utsett frist
Den opphavlege påmeldingsfristen var 1. august. Frivilligsentralane har nå valt å sjå bort frå denne fristen. Røher Eriksen understrekar at interesserte kan melda seg når som helst. Det er ikkje sett ein ny, siste frist enno.
– Me vil gjerne ha med så mange som mogleg, og det vil vera plass til fleire enn dei 25 me har påtatt oss å rekruttera, seier ho.
To veker
Planlagt avreisedato er 26. oktober. Opphaldet skal vara i to veker. Returdatoen er 9. november.
Røher Eriksen skal vera med som reiseleiar. Ho har vore på same staden to gonger tidlegare og skryt av plassen.