nyhende

Kyrkjeverje Ottar Krakk veit førebels ikkje kva det vil koste å reparere lekkasjane i taket på Sveio kyrkje.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Kyrkjeverje Ottar Krakk veit førebels ikkje kva det vil koste å reparere lekkasjane i taket på Sveio kyrkje.

Kyrkjene opnar for fleire og endrar registrering

Grensene for kor mange som kan vera på eit arrangement er nå heva frå 50 til 200, men kyrkjene i Sveio kan ikkje ta imot så mange på grunn av storleiken på bygga. No er det også opne gudstenester utan påmelding.

Publisert Sist oppdatert

På grunn av mellom anna avstandsreglane, kan det maksimum vera 160 til stades i Sveio. For dei andre kyrkjebygga er tala 80 i Valestrand kyrkje, 50 i Førde kyrkje, og 30 i Eikeland kapell.

Til no har det vore god plass i kyrkjene etter at dei vart gjenopna. Det er mellom anna derfor bestemt at ein ikkje lenger treng å melda seg på gudstenestene.

– Me forstår at mange er forsiktige med sosial omgang nå i desse koronatidene, men tenkjer også at påmelding kan vera eit ekstra hinder, seier kyrkjeverje Ottar Krakk.

Nøye på smitteverntiltak

Han strekar under at det er fullt fokus på smitteverntiltak, og at kyrkjene i Sveio følgjer dei til ei kvar tid gjeldande smittevernreglane.

– Sjølv om me har vore heldige i vårt distrikt til nå, så skal me likevel ha fullt fokus også vidare framover. Som me kjenner til er «stader der ein syng» sannsynlegvis ein av stadane ein har sett stor spreiing av smitte. I ei syngande kyrkje må me derfor vera nøye med smitteverntiltak, seier Krakk.

Endrar rutine for registrering

Å registrera alle besøkande er framleis eit krav. No blir det ei endring der for å få lik praksis som dei andre kyrkjene i distriktet vårt. Når ein deltek i gudstenester eller gravferder må ein ha med seg ein lapp der ein har skrive ned namn og telefonnummer. Denne informasjonen blir lagra i 10 dagar.

– Det vil framleis vera lister tilgjengeleg i kyrkjene i tillegg til at me også legg ut lappar som kan nyttast. Kyrkjevertane samlar lappane i konvolutt, fører på dato og kyrkje, og kyrkjetenar låser konvoluttane inn i safe for sikker oppbevaring, seier Krakk.

Mindre kø og meir tid

Med førehandsutfylte lappar vil det bli mindre kø ved inngang, og kyrkjevertar og anna personell kan nytta tida til å visa folk til rette i kyrkjebenkene for å halda ein meter avstand for personar som ikkje er i same husstand.

– Det er viktig at kyrkjevertar og tilsette viser til rette, og ber om at folk flyttar seg om dei har sett seg for tett, seier Krakk.

Han minner om de generelle smittevernråda er; Hald avstand, vask hender og bli heime om du har sjukdomssymptom.

Powered by Labrador CMS