nyhende
Kyrkja innfører drop in-dåp
Nå kan sveibuar i alle aldrar bli døypte på ein svært enkel måte.
Koronasituasjonen har ført til nye løysingar også i kyrkja. Onsdag 20. oktober inviterer sokneprestane Arild Steinsland og Gisle Sørhus til drop in-dåp i Sveio kyrkje. Etter arbeidstid står dei klare til å ta imot alle som ønskjer å gjennomføra dåp.
Med eller utan avtale
Du kan koma utan avtale, eller du kan melda deg på via kyrkja sin nettstad. Reint praktisk skal dei som har småbarn og familie koma først, deretter er det ope for konfirmantar og andre vaksne. For den som skal døypast er det viktig å ta med fødselsattest eller gyldig legitimasjon. Du kan koma åleine, eller saman med nokon.
– Du kan ta med dåpskjole viss du har, viss du manglar til eit lite barn kan kyrkja hjelpa til med det, opplyser Steinsland.
Stiller som vitne
– Og om du ikkje har fadrar, kan me som er prestar vera fadder eller vitne for deg, tilføyer Gisle Sørhus.
Til nå er 36 av dei 65 borna som blei fødde i Sveio i 2020 døypte. Steinsland og Sørhus er spente på korleis det nye tilbodet vil slå ut på statistikken.