nyhende
Kvinna døydde truleg av drukning
Det var ei kvinne i 70-åra som blei funnen død i Vestvikvågen på søndag. Onsdag kunne politiet leggja fram konklusjonen frå den førebelse obduksjonsrapporten.
Kvinna blei funnen død av pårørande som leita etter henne. Politiet antok at den avdøydde hadde falle i sjøen, deira hovudhypotese var drukningsulykke.
Ifølgje politioverbetjent Helge Varne ved Haugesund politistasjon, blei hypotesen bygd på avhøyr tatt i helga, og den avdøydde blei begjært obdusert ved Stavanger universitetssykehus.
– Etter obduksjonen er den førebelse konklusjonen drukning. Den avdøydde er ikkje heimehøyrande i Sveio kommune, men oppheldt seg på fritidsbustad i Vestvikvågen, opplyser Varne.