nyhende

To av fem dagar er planleggjingsdagar:

vikse skule skulestart 2020
Vikse skule.

– Kvifor ikkje stenga skulen heile veka?

Spørsmålet kjem frå ein innbyggjar i Vikse-krinsen. Vedkommande har barn på skulen, der det er planleggjingsdag måndag og tysdag neste veke, likt med resten av skulane i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Med tanke på aukande tilfelle av covid-19 på Haugalandet, tenker faren som Vestavind har vore i  kontakt at det vil vera eit fint høve til å halda skulen stengt heile neste veke. Onsdag og fredag er likevel korte dagar for mange.

Vestavind høyrer med rådmann Jostein Førre, som fortel at alle skular og kommunale barnehagar i Sveio har planleggjingsdagar dei to første vekedagane. Etter det Vestavind kjenner til, følgjer minst éin privat barnehage same opplegg.

Skjermar barn

– Har de vurdert å halda skular og/eller barnehagar stengt, sidan starten av veka likevel startar med to fridagar for mange, for å forsøka å unngå koronasmitte?

– Me følgjer situasjonen på Haugalandet og Sveio tett, og vil vurdera ulike tiltak om det viser seg å vera behov for det. For augneblinken prøver me å skjerma barn og unge mest mogleg for ulike korona-tiltak, med mindre det er behov for tiltaka, seier Førre laurdag ettermiddag.

Han legg til at smittesituasjonen i Sveio verken gir høve, eller tilseier at ein bør halda stengt frå onsdag av – enn så lenge.

Powered by Labrador CMS