nyhende

Kristianne Uri, leiar i Sveio frivilligsentral, brukar gjere bestemor sitt gamle handlenett i staden for plastpose når ho skal på butikk eller møte.
Kristianne Uri, leiar i Sveio frivilligsentral.

Kven fortener frivilligprisen for 2020?

Det er Sveio frivilligsentral som vil heidra nokon som har utmerka seg innan frivillig arbeid i Sveio. Hovudkriteriet for å bli tildelt prisen, er at vedkommande har gitt av si tid og kunnskap frivillig, utan å ta betalt.

Publisert Sist oppdatert

– Me på Frivilligsentralen veit at det er mang eldsjeler i kommunen vår, og mange bidrar i kulissane på arrangement og øvrig utvikling som me ser i Sveio. Årsaka til at me gjekk i gong med ein slik pris, var for å få sett ekstra pris på desse personane, og gi heider og ære til dei som fortener det, forklarar Kristianne Uri, leiar for Sveio frivilligsentral.

Prisen skal delast ut for andre gong dette året. I fjor fekk Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou mange nominasjonar, og blei dermed heidra for innsatsen ho gjer for Sveio Drill.

– Sidan me lev i ei litt spesiell tid, vil det bli heider og ære i sosiale medium, og levering av pris på døra, framfor ei fysisk utdeling av prisen for 2020, fortel Uri. Frivilligsentralen har eit godt samarbeid med kommunen for å kåra vinnaren, og vil derfor nytta deira kunnskap for å finna ein verdig vinnar.

For å nominera nokon, send ein e-post med grunngjeving til Kristianne Uri.

Powered by Labrador CMS