nyhende

Berre minutt etter alarmen har gått på omsorgssenteret var første bil frå Sveio brannvesen til stades. Kort tid etter kom fire køyretøy til.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Berre minutt etter alarmen har gått på omsorgssenteret var første bil frå Sveio brannvesen til stades. Kort tid etter kom fire køyretøy til.

Kvar tredje utrykking unødvendig

Sveio brannvesen sine to stasjonar hadde 92 utrykkingar i 2022. Av desse var 32 såkalla unødige. Brannsjef Dag Botnen ynskjer å redusera unødige alarmar. — Det er ei belastning.

Publisert Sist oppdatert

Unødige utrykkingar i 2022

  • Matlaging (11)
  • Manuell brannmeldar (4)
  • Teknisk feil (5)
  • Damp eller røyk (6)
  • Ukjent (6)

Det er fredag 21. april og sola skin ein vakker ettermiddag i Sveio. Lyden av ei nærliggande helg vert brått brote av brannalarmen frå ein bustad på omsorgssenteret.

Etter berre nokre minutt kjem det første køyretøyet frå Sveio brannvesen fram, og får raskt kartlagt kva som har hendt.

Noko har svidd seg under matlaging og utløyst ein felles alarm for bygningen. Bebuaren er i god form, og heldigvis var dette ei såkalla unødig utrykking.

Ein tredjedel unødig

Ei slik hending er dessverre nokså vanleg for brannmannskapa.

— For Sveio sine to stasjonar var det 92 utrykkingar i 2022, der 32 var unødige til automatiske brannalarmar, seier Dag Botnen.

Han er brannsjef for Haugaland Brann og Redning (HBRE), eit interkommunalt samarbeid som Sveio deltek i.

— Unødige brannalarmar ynskjer ingen, seier Botnen.

Tala for 2022 viser at om lag kvar tredje utrykking i Sveio er unødig. Det ligg nært snittet for både lokalt og nasjonalt forklarar Botnen. Størst av årsakene var matlaging med 11 hendingar.

Må forlata det dei held på med

Viss ein brannalarm vert utløyst blir det sendt eit digitalt signal til 110-sentralen i Stavanger.

— Får dei ikkje ei tilbakemelding innan kort tid, sender dei alarm til den stasjonen som er nærast, seier han.

Då får mannskapa beskjed på sine personsøkarar og må skunda seg til stasjonen.

— Dei har normalt 10 minutt til dei skal vera på adressa til alarmen. Dette kan sjølvsagt skje heile døgnet, og då må dei forlata jobb, familie eller anna som dei held på me, seier Botnen.

Brannsjefen er tydeleg på at den beste løysinga er å heller rykka ut ein gong for mykje.

Viktige minutt

— Denne overvakinga er viktig for å spara viktige minutt om det er ei reell hending. I fjor var det to reelle hendingar i Sveio, og fleire som kunne ha utvikla seg, seier Botnen.

Men, samstundes som dei vert glade for å ikkje koma fram til brann, kostar det både pengar og beredskap.

— Unngår me ein utrykking, er me også klar for reelle hendingar utan å vera bunde opp i unødige turar, seier Botnen.

Mannskapet skal også lønnast, og utstyr treng vedlikehald. Så kostnadane for mange unødige utrykkingar får også utslag på budsjettet.

Ring 110

Brannsjefen fortel at om ein sjølv er til stades ved ein utløyst brannalarm, så bør ein ringa 110.

— Den som måtte vera i bygningen må ringa 110 umiddelbart, både for å halda sentralen oppdatert, men også for å unngå ein unødig alarm. Dei fleste alarmane skjer som ein konsekvens av at sentralen ikkje høyrer noko eller får tak i nokon i bygget, seier han.

Botnen viser også til alle dei nødvendige utrykkingane dei hadde i fjor.

  • 9 helserelaterte hendingar
  • 14 trafikkulukker
  • 14 brannar, branntilløp eller brannhindrande tiltak
  • 4 naturhendingar
  • 9 andre/diverse

Tidleg innsats reddar liv og verdiar

Han meiner systemet fungerer godt, sjølv om det er synd med unødig utrykking.

— Me ynskjer å redusera unødige alarmar då dette er ei belastning for partane. Me ynskjer likevel driftssikre anlegg som sikrar tidleg innsats når det er reelle brannar, seier Botnen.

Brannsjefen meiner det er viktig å ha perspektiv på kva jobben til brannvesenet faktisk er.

— Det har ein kostnad, men ein innsats tidleg der me reddar eit liv eller verdiar, det kan forsvara alle dei unødige alarmane, avsluttar Botnen.

Powered by Labrador CMS