nyhende

Kvar er holet?

Det nærmar seg høgsesong for turisme og trafikk. Me har målt nokre av dei mange hola i vegane i Sveio. — Ein av dei største farane er overraskingsmomentet, seier Svein Ringen i Statens vegvesen si trafikktryggleikavdeling.

Publisert Sist oppdatert

Sveio er ein stor kommune som treng mykje veg for å knyta dei sju bygdene saman. Dessverre er det fleire vegar med dårleg standard.

Vestavind har teke bilete og målt fleire hol i vegane. Kvar veke presenterer me eit nytt.
Fokuset vert på hol, og ikkje dårleg vegdekke.

For å visa storleik og djupna i holet nyttar me to kvardagslege ting, ein penn og ei drikkeflaske.

Klarar du å gjetta kvar holet er?

Har du ein favoritt og/eller ein versting? Send oss bilete av holet til tips@vestavind-sveio.no og skriv kvar det er!

Berre fem prosent

Kvar gong det hender ei dødsulykke utfører Statens Vegvesen ein djupnadsanalyse. Der ser dei på kva som er årsaka ulykka og kva som spelte ei rolle.

— Dette har me gjort sidan 2005. I cirka fem prosent av dødsulykker har hol eller defekt vegdekke vore medverkande. Det vil seia at det kan ha vore ei eller ei av fleire medverkande faktorar som spela inn, som til dømes manglande merksemd på køyring eller rus, seier Svein Ringen.

Han er overingeniør hos Statens Vegvesen si trafikktryggleikavdeling. Statistikken viser at hol i vegen ikkje er direkte farleg, men det kan vera fordi det har ein førebyggande effekt.

— Køyrer ein på dårleg veg, vil ein følga meir med og køyra meir forsiktig, seier Ringen.

Farleg overrasking

Risikoen aukar når hola i vegen kjem plutseleg.

— Ein av dei største farane er sjølve overraskinga, at det plutseleg kjem eit hol i vegen veldig brått på. Køyrer du på ein flott veg som plutseleg vert dårleg, er det eit større problem, seier han.

Konsekvensane er vanskeleg å vita på førehand, og det varierer ut frå faktorar som vêr, fart og køyretøy.

— Ein bil kan få det ubehageleg og risikera å punktera dekka. Men for ein motorsykkel kan det få dødelege konsekvensar ved at ein veltar eller køyrer ut av vegen, seier Ringen.

Og sjølv om ein aktivt unngår hol i vegen, skapar det eit nytt problem.

— Bilar kan gjera ein unnamanøver. Det kan vera farleg, men det er sjeldan me ser det i analysane våre, seier han.

Powered by Labrador CMS