Vestavind har teke bilete og målt fleire hol i vegane i Sveio. Kvar veke har me presentert eit nytt.
Fokuset vart på hol, og ikkje dårleg vegdekke. For å visa storleik og djupna i holet nytta me to kvardagslege ting, ein penn og ei drikkeflaske.
Klarar du å gjetta kvar holet er? Har du ein favoritt og/eller ein versting? Send oss bilete av holet til tips@vestavind-sveio.no og skriv kvar det er!
Sveibuar med gode auge
Annonse
Forrige veke sitt hol var mogelegvis det djupaste og rundaste holet i spalta.
Me gratulerar både Leif Tore Haukås og Øyvind Tislavoll for å ha gjetta riktig.
Holet var i Ålfjordvegen på Oa.
Takk til alle som har vore med på ei humpete reise, og køyr forsiktig i sumar!