nyhende
Kvar er holet?
Vestavindflaska har vore på tur og oppdaga nye hol i Sveio. Sjå om du finn ut kvar holet er.
I fjor hadde Vestavind ei spalte kor me dokumenterte hol i vegane i kommunen. Ved kvart hol undersøkte me kva som fekk plass i holet, ein penn eller ei flaske.
I løpet av haust, vinter og vår har både frost og regn gjort sitt arbeid på vegane. Me har difor funne enda fleire hol som lesarane kan gjetta kvar det er.
Denne vekas hol baud på ei utfordring i å måla djupna. Det skuldast at botn på holet ikkje er vassrett, at det ikkje finst ein klar botn, og at holet berre fortset nedover i bakken. Difor har me lagt ved to ulike bilete som viser dei to stadane i holet flaska kunne stå/ligga.
Klarar du å gjetta kvar holet er? Har du ein favoritt og/eller eller ein versting? Send oss bilete av holet til tips@vestavind-sveio.no og skriv kvar det er!