nyhende

Kvar er holet?

Denne veka har me funne eit nytt hol. Klarar du å sjå kvar det er?

Publisert Sist oppdatert

Vestavind har teke bilete og målt fleire hol i vegane i Sveio. Kvar veke presenterer me eit nytt.
Fokuset vert på hol, og ikkje dårleg vegdekke. For å visa storleik og djupna i holet nyttar me to kvardagslege ting, ein penn og ei drikkeflaske.

Klarar du å gjetta kvar holet er? Har du ein favoritt og/eller ein versting? Send oss bilete av holet til tips@vestavind-sveio.no og skriv kvar det er!

Gjetta rett

Gratulerar til Karina B. Birkeland som gjetta riktig på forrige veke sitt hol, nedanfor bedehuset på Vikse.

Denne veka si tekst om hol vert særs kort, og er mest av alt ei oppmoding:

Hald auga på vegen og sjå kvar du køyrae. Me har ingen sveibuar å mista!

Powered by Labrador CMS