nyhende

Kvar er holet?

Vestavindflaska har vore på tur og oppdaga nye hol i Sveio. Sjå om du finn ut kvar holet er.

Publisert Sist oppdatert

I fjor hadde Vestavind ei spalte kor me dokumenterte hol i vegane i kommunen. Ved kvart hol undersøkte me kva som fekk plass i holet, ein penn eller ei flaske.

I løpet av haust, vinter og vår har både frost og regn gjort sitt arbeid på vegane. Me har difor funne enda fleire hol som lesarane kan gjetta kvar det er.

Denne vekas hol er veldig rundt og fint. Sjølve biletetakinga var litt vanskeleg då bakken rundt holet hadde byrja å siga nedover mot holet, så det var ikkje mogeleg å setja Vestavind-flaska rett ved sida av.

Klarar du å gjetta kvar holet er? Har du ein favoritt og/eller ein versting? Send oss bilete av holet til tips@vestavind-sveio.no og skriv kvar det er!

Karina Birkeland hadde rett om sist vekes hol: Vågedalen rett før Vågebrua.

Powered by Labrador CMS