nyhende
Kva er det lov å flagga med på Ryvarden?
Bilde av Høgre-flagget vaiande i vinden på Ryvarden, fekk Leif Tore Haukås til å stilla følgande spørsmål i ein kommentar på Facebook: Er det lovlig å heise høyre-flagg på kommunens flaggstang?
Høgre-flagget blei heist då lokallaga i Sveio og Haugesund inviterte til seinsommarfest på Ryvarden med partileiar Erna Solberg som ein av gjestane.
Kulturfyrvaktar Ruth G. E. Eriksen har eit konsist og oppklarande svar på spørsmålet til Haukås:
– Ryvarden er eit KF (kommunalt føretak) og flaggar ikkje etter same reglar som til dømes på kommunehuset eller andre kommunale bygningar. Me har oppe vimpel bortsett frå ved enkelte arrangement, og det er me som bestemmer kva flagg som kan heisast. Neste gong kan det vera Frp som heiser flagget, seier Eriksen, som også er Frp-representant i kommunestyret og varaordførar.
Dette er gjeldande reglement:
Lokalt flaggreglement for Sveio kommune – ajourført pr. 06.02.2004.
1. Flagging ved kommunale bygningar skjer a) på følgjande faste flaggdagar:
- 1. januar – første nyårsdag.
- 21. januar – HKH prinsesse Ingrid Alexandra
- 6. februar – Samefolkets dag
- 21. februar – HM Kong Haralds fødselsdag.
- 1. påskedag.
- 1. mai.
- 8. mai.
- 17. mai.
- 1. pinsedag.
- 4. juli – HM Dronning Sonjas fødselsdag.
- 20. juli – HKH Kronprins Haakons fødselsdag.
- 19. august – HKH Kronprinsesse Mette-Marits fødselsdag.
- 22. september – Prinsesse Märtha Louises fødselsdag.
- Valdagar ved kommunestyre- og stortingsval.
- 25. desember – første juledag.
Eventuelle offisielle endringar i kongefamilien o.l. vert å innarbeida i flaggreglementet administrativt i ettertid.
b) Ved særlege høve, etter avgjerd av ordføraren.
c) Ved særlege høve som berre gjeld vedk. bygning eller krins, etter avgjerd av vedk. administrative leiar (rektor, styrar o.l.) i kvart einskild tilfelle. Flagging etter dette punktet skal som hovudregel skje utan utgift for kommunen.
2. Kostnader til heising og firing av flagg skal reduserast så langt rad er gjennom fornuftig samarbeid, avtalar med enkeltpersonar o.l. Rådmannen kan og inngå avtalar med lag/organisasjonar når det høver for begge partar.
Rådmannen kan og avtala om innkjøp av ekstraflagg til private personar som påtar seg flagging for kommunen utan vederlag.
Ved institusjonar som har tilsette i teneste døgeret rundt, skjer heising og firing av flagg utan ekstra kostnad for kommunen.
3. Flagg skal normalt heisast kl. 0800 i tida mars – oktober og kl. 0900 i tida november – februar.
Flagg skal normalt firast ved solnedgang, likevel ikkje seinare enn kl. 2100.
For å oppnå rimelegare kostnader for kommune, kan det gjerast avvik frå desse tidene. T.d.: Ein person kan etter avtale dekka fleire flaggstenger innan avtaleperioden, og det seier seg sjølv at personen ikkje kan vera på alle stadene samstundes.
4. Der det ville føra til store ekstrakostnader for kommunen, er fullt ut akseptabelt å heisa flagget når arbeidstida tek til – t.d. kl. 1000. Likeins er det fullt ut akseptabelt at flagget vert firt t.d. når arbeidstida er slutt.
5. Det vert å ta kontakt med nabokommunane Tysvær, Haugesund, Bømlo og Stord om samarbeid vedk. om kommunen sine vimplar og kommuneflagg.
Marknadsføring av «Velkommen til Sveio»- skilt ved tunnelmunninga, ved kommune-/fylkesgrensene og i Buavåg må utarbeidast i samband med budsjettbehandlinga.
Reglementet er vedteke av Sveio kommunestyre i sak KOM-011/02 i møte 06.05.2002. I samsvar med pkt. 1 siste punktum er punkt 1 i reglementet ajourført pr. 06.02.2004 – ei arveprinsesse vart fødd 21.01.04 og pressemelding frå Det kgl. utenriksdept. vedk. innføring av offisiell flaggdag f.o.m. 2004: Samefolkets dag.