nyhende

Både teknologi langs vegane og i bilane vi køyrer samlar data om måten vi køyrer på. Ved hjelp av kunstig intelligens kan ein nytte denne informasjonen til å gjere vegane våre tryggare. Illustrasjonsfoto: Beate Oma Dahle / NTB/ NPK
Både teknologi langs vegane og i bilane vi køyrer samlar data om måten vi køyrer på. Ved hjelp av kunstig intelligens kan ein nytte denne informasjonen til å gjere vegane våre tryggare.

– Kunstig intelligens kan redde liv på vegane

Sjølvkøyrande bussar kan bli kvardagsleg ganske snart, og varetransporten kan forvente ei stor omlegging innan kort tid. Det meiner i alle høve ekspertar på kunstig intelligens og transport.

Publisert Sist oppdatert

– Kunstig intelligens (KI) har blitt ein stor del av kvardagen vår, anten vi veit det eller ikkje. Det blir snakka mykje om språkmodellar – som ChatGPT – men transportsektoren er faktisk òg kommen langt med implementeringa av KI. Vi ser til dømes smarte vegnett fleire stadar der ein samlar enormt mykje data om sjåførane med sensorar og kamera og brukar innsikta til å skape betre trafikkflyt, fortalde professor i kunstig intelligens, Morten Goodwin, på eit frukostseminar i regi av NAF.

Goodwin viste til at ein i den amerikanske byen Pittsburgh ved bruk av kunstig intelligens hadde redusert kølengda i trafikken med så mykje som 20 prosent utan å ha bygd ein einaste ny veg.

Forhindrar ulykker

Også innanfor vedlikehald av vegar kan KI hjelpe oss. Statens vegvesen nyttar allereie teknologien til å finne svingar langs vegane våre der motorsyklistar kan vere ekstra utsette for utforkøyringar.

– Det gjer det enklare å finne ut kvar det hastar å utbetre, og slik forhindre mange ulykker, sa Goodwin.

I tillegg peika han på at også bilprodusentane samlar data kvar gong vi køyrer.

– Måten vi køyrer på gir mengder med data til bilprodusentane som gjer at dei kan gjere produkta sine betre og tryggare. Vi bidreg på ein måte med råvarene og produsentane foredlar dei til betre produkt enn vi har hatt før, sa Goodwin.

Professor i kunstig intelligens, Morten Goodwin, trur varetransport blir den første transportsektoren som blir drastisk endra av KI.

Omlegging av varetransport

Under ein paneldebatt mot slutten av seminaret var det mellom anna duka for samtale med Goodwin og administrerande direktør Ulf Tore Hekneby hos bilforhandlaren Møller AS. Dei to kom med spådommane sine for framtida til sjølvkøyrande køyretøy.

– Eg har ein følelse av at sjølvkøyrande bilar alltid har vore rett rundt hjørnet. Det som er spesielt med desse bilane er at dei må vere veldig tett opp mot 100 prosent trygge – mykje tryggare enn persondrivne bilar. Tryggleiken blir heile tida litt og litt betre, og eg trur at vi kjem til å oppleve at vi plutseleg har den sjølvkøyrande bilen blant oss, sa Goodwin.

Hekneby meinte at kollektivtransporten kjem til å vere den transportsektoren der vi først kjem til å merke omlegginga til sjølvkøyrande bilar.

– Når det gjeld sjølvkøyrande kollektivtransport trur eg ikkje det er lenge til vi ser ein revolusjon. Men eg trur derimot det er lenge til vi sit i ein sjølvkøyrande personbil på veg til hytta vår på fjellet, sa Hekneby.

KI-professoren trekte fram varetransport som ein sektor der han forventar store endringar.

– Kunstig intelligens har hatt stor innverknad på korleis ein brukar dronar og eg trur ikkje det er lenge til dronar kan frakte varer i stor skala og med det gjere behovet for varetransport på vegane mindre, sa Morten Goodwin.

Powered by Labrador CMS