nyhende

Annabel Guaita er ein kritikerrost pianist.
Annabel Guaita er ein kritikerrost pianist.

Kunsten å lytta

Søndag blir det ei spesiel oppleving i i Valheimen. Deltakarane blir losa inn i den klassiske musikken på ein heilt ny måte av Annabel Guaita.

Publisert Sist oppdatert

Kva skjer i deg når du lyttar til musikk som er ukjent? Klarar du å ta deg forbi intellektet, som forsøker å tolka og forstå musikken konseptuelt, og heller gje deg over til opplevinga her og no

Pianisten Annabel Guaita har i ei årrekke hatt suksess med sine Lyttelos-foredrag. Som lyttelos trollbind ho publikum og opnar dørene inn til klassisk musikk på ein måte som ikke har vore gjort tidlegare. Ho brukar musikken som verkemiddel slik at du ikkje berre forstår musikken, men også blir kjent med deg sjølv.

Kritikarrost pianist

Musikken som blir brukt er av Johann Sebastian Bach, Claude Debussy og Fartein Valen. Men du treng ikkje ha kjennskap til klassisk musikk for å ha glede av opplevinga.

Annabel Guaita er ein kritikarrost pianist med ein kunstnerisk doktorgrad og over 20 års erfaring med konsertar nasjonalt og internasjonalt. Ho er førsteamanuensis ved Griegakademiet i Bergen og har utarbeidd konseptet Lyttelos.

Samarbeider med forskarar

Guaita er jamnleg engasjert av Bergen Filharmoniske Orkester, og har deltatt på fleire musikkfestivalar. I tillegg har ho sin eigen serie på Litteraturhuset i Bergen.

Ho har også samarbeidd med hjerneforskar Geir Olve Skeie, smaksforskar Janice Wang og organisasjonspsykolog Gisken Holst.

Powered by Labrador CMS