nyhende
Kulturvern-engasjement med hjartet
Kva får folk til å bruke fritida si på å restaurere eit gammalt hus som dei ikkje skal bu i sjølv eller slå ei gammal slåtteeng, som ikkje lenger blir brukt til beite? Og kvifor vil nokon leve som moderne viking i ferien? Det korte svaret er personleg interesse for vern av kulturarven vår.
Kulturvern er vern av kulturspor frå fortida. Grasrota i kulturvernet er alle dei som jobbar frivillig for å verne om, ta vare på og vise fram desse spora for nye generasjonar. Dei gjer ulønt arbeid som på ein eller annan måte har ei samfunnsnytte. Det blir gjort meir frivillig arbeid enn tidlegare og frivillige organisasjonar knytt til kulturvern og lokalhistorie har vekst.
Frå restaurering til datainnsamling
– Det er eit mangfald av former for frivillig deltaking i kulturvernet. Innsatsen er retta mot ei rekke ulike aktivitetar. Nokre er til dømes opptekne av klassisk bygningsvern, andre likar mekaniske kulturminne som båtar, bilar og tog. Andre igjen engasjerer seg i folkekultur som mat, dans og tradisjonshandverk, fortel forskar og historikar Nanna Løkka til Nynorsk pressekontor.
Ho har vore prosjektleiar for kartlegginga «Kulturvern og frivillighet» på oppdrag for Kulturrådet.
Blant dei nye formene for kulturvern er å leve som moderne vikingar og lære tradisjonell kunnskap på den måten. Eit anna felt som er blitt kjempepopulært er digital innsamling av alt frå dialektord til fotografi.
Godt vaksne
– Kven er dei frivillige folka?
– Dei er i grove trekk godt vaksne, mange av dei pensjonistar. Ein byrjar gjerne å engasjere seg i kulturvern når ein ikkje lenger behøver engasjere seg i aktivitetane til barna sine, men kan dyrke eigne interesser. Det ser ut som interessefelta til dei frivillige kulturvernarane ofte følgjer tradisjonelle kjønnsrollemønster. Medlemsmassen i kulturvernorgansiasjonar som driv med mekanikk og motor er dominert av menn, medan det er flest kvinner innan husflid og tekstil. For dei meir moderne kulturvern-felta er det meir likestilling, forklarar Løkka.
Ho fortel at dei fleste organisasjonane lykkast godt med å rekruttere nye medlemmer, men at det stort sett er snakk om pensjonistar. Fleire av organisasjonane har derimot slått seg til ro med at kulturvern er ei interesse som for mange kjem med åra.
Uvurderleg dugnadsgjeng
Så kva hadde norsk kulturvern vore utan grasrota og tusenvis av dugnadstimar?
– Ja, kva hadde Noreg vore utan dei frivillige kan ein jo spørje seg, seier generalsekretær i Norsk kulturvernforbund, Toril Skjetne. Paraplyorganisasjonen jobbar for å betre vilkåra for det frivillige kulturvernet og har 29 medlemsorganisasjonar under seg som til saman tel rundt 2.000 lokallag og over 250.000 medlemmer.
– Dei frivillige gjer ein enormt viktig og avgjerande jobb, og sit på ein uvurderleg spisskompetanse. Dei bidreg til kunnskapsoverføring, formidling og vern utanfor dei offentlege musea. I eit berekraftsperspektiv er det å bevare og føre vidare viktig og noko mange i dag er opptatt av. Sjølv om arbeidet til dei frivillige kulturvernarane er synleg i landskapet, har vi ikkje hatt så mykje kunnskap om dei før denne kartlegginga, seier Skjetne og viser til prosjektet frå Telemarksforsking.
Landslaget for lokalhistorie kallar seg for den største kulturvernrørsla i landet med historielag i nesten alle kommunar. Det er omkring 400 medlemslag, som igjen har rundt 70.000 enkeltmedlemmer.
– Norsk kulturvern hadde ikkje vore nokon ting utan alle dei frivillige. Kulturvern er så veldig mykje, og Landslaget utgjer det breie, folkelege engasjementet for lokalkulturen. Frivillig arbeid står veldig sterkt og vi appellerer til folk i alle aldersgrupper sjølv om medlemsmassen har høg snittalder, fortel generalsekretær Tor Anders Bekken Martinsen i Landslaget for lokalhistorie.
Motivert av eige liv
Forskarane ved Telemarksforsking har mellom anna sett på kva slags kultur dei frivillige er opptekne av.
– Dei engasjerer seg typisk i kultur og tradisjonar knytt til eigen barndom, oppvekst eller yrkesliv. For nokre kan det også handle om å historisere eigen frivillig innsats på andre område, slik som til dømes å skrive lokalhistoria til eige idrettslag eller til det politiske partiet ein har vore del av, seier Nanna Løkka.
– Erfaringar og minne frå eige liv er ei sterk drivkraft i kulturvernarbeidet til dei frivillige, og dei har derfor gjerne høg kompetanse på det temaet dei engasjerer seg i. At ein har personleg relasjon til eit fagfelt gjer at det ikkje er så lett å styre dei frivillige over på andre fagfelt som kanskje treng meir merksemd, seier Løkka.
Engasjementet for ulike kulturvern-felt kan bli endra i takt med generasjonane. Hypotesen til dei tre forskarane ved Telemarksforsking er derfor at dei dominerande kunnskapsfelta innan frivillig kulturvern alltid er prega av kva tidsalder dei frivillige vaks opp i, eller då dei var arbeidsføre.
– Viss dette stemmer, vil vi i framtida få kulturvernorganisasjonar som til dels er opptatt av andre kulturelle forhold enn i dag, slik som for eksempel digital teknologi. Når eg blir pensjonist tjue år fram i tid vil eg kanskje vere interessert i heilt andre ting enn dagens pensjonistar. Kanskje er det datamaskiner som er det store, seier Nanna Løkka.
Sosial møtestad
Eit anna viktig aspekt ved frivillig kulturvern som kom fram i kartlegginga er opplevinga av fellesskap og samhald.
– Kulturvernmiljøa tilbyr eit sosialt fellesskap og ein møtestad som mange set pris på. Saman med andre kan dei møtast, prate og drive med felles interesser og aktivitetar som er meiningsfulle for dei, enten det er å reparere ein gammal båt eller skrive lokalhistorie, fortel Nanna Løkka.
Supplement til akademia
– Korleis forstår kulturvernarane sin eigen innsats?
– Dei har god sjølvforståing for at dei gjer ein viktig jobb. Dei ser på seg sjølv som ein ressurs med mykje kunnskap og kompetanse, men mange av dei hevdar at dei ikkje får nok anerkjenning frå det offentlege. Det aller viktigaste for dei fleste er likevel at dei held på med noko som dei har lyst til og som er meiningsfullt for deira eigen del, seier Løkka.
Ho og dei to andre forskarane skriv i boka at dei frivillige sit på ein annan kunnskap enn dei profesjonelle fagmiljøa fordi kunnskapen deira er nærare, meir personleg og meir stadleg forankra. Dei frivillige engasjerer seg med hjartet for kultur som betyr noko for dei. Dette er kunnskapsdimensjonar som forskarane meiner kan utfylle den akademiske kunnskapen.
(©NPK)