nyhende
Kuldeforskar: – Følg med på dyra også
Det er meldt uvanleg kaldt vêr framover. – Kle på hunden og slepp kattane inn, seier kuldeforskar Øystein Wiggen.
– Kulde ned mot 20–30 minusgrader kan vera farleg for dyra om dei ikkje får hjelp. For hundar gjeld varmedekken og potesokkar no, og huskattar må ha moglegheit til å koma seg inn. Ville dyr som rådyr, elg og hjort held seg i ro og sparer på energien, så det er viktig å følgje med på både eigne og dyra sine kroppslege signal, seier Wiggen i ei pressemelding frå forskingsstiftinga Sintef.
Den såkalla Sibir-kulda kjem også sigande inn over Vestlandet, sjølv om me langs kysten ikkje får det like kaldt som lenger inn i landet. Frå i dag og ei veke fram er det meldt ned til 7-8 minusgrader i Sveio, og enno kaldare ein del lokale stadar.
Viktigast å dekka til bar hud
For menneske er det viktigast å dekka til bar hud, og det er særleg viktig om ein syklar eller går fort på ski. Vind aukar risikoen for frostskadar. Ein bør også vera ekstra forsiktig med å ta på material som har aluminium i seg utan hanskar på, for det kan vera snakk om berre få sekund før det oppstår frostskade.
Eksempel på gjenstandar som kan innehalda aluminium er til dømes skistavar og syklar.
Tre fasar
Øystein Wiggen fortel at kulda har tre fasar:
- Først kjenner du at du er kald, og kroppen vår er mest var for endringar i temperaturen.
- Så kjem smerta. Då gjeld det å lytta til kroppen og sørgja for at fingrane, tærne eller huda blir dekte.
- I tredje fase sluttar du å kjenna noko som helst og du blir nomen. Og då er det fare på ferde, for då det kan vere snakk om hudtemperaturar på åtte grader og lågare.
– Det er i denne fasen ein kan få frostskadar. Er ein i aktivitet kan ei kjenna seg god og varm fordi kjernetemperaturen i kroppen er høg. Då er det ein fare for ikkje å oppleva kulda som faktisk kan gjera skade på eksponert hud, avsluttar Wiggen.