nyhende
Krusehytta på Kvalvåg
Artikkelen stod første gong på trykk i Vestavind i 2008.
I skogen nord for Kvalvåg var det i min barndom ei lita stova eller hytta. Den var ikkje stor, berre eit rom og eit bislag, sett saman av bord og steinheller på golvet. Hytta er der framleis, men er bygd om til sommarbustad. Det som var i min barndom, er det lite igjen av.
Hytta gjekk under namnet Krusehytta. Det kom av ein mann som budde der som heitte Kruse til etternamn. På folkemunne blei kan berre kalla Krusen. Så langt eg kan hugsa tilbake var han ein gamal mann. Kor han kom frå var det ingen som visste heilt sikkert, men etter dialekten å døma var han nordlending.
Ryktet gjekk om at han kom frå ei rik slekt. Men det var i tilfellet lite han hadde med seg til Sveio. Han kom etter det eg har høyrt til hytta på Kvalvåg nokre år inn i 1900.
Dei første åra budde han saman med ei dame. Dei var sambuarar, noko som var ein forferdeleg ting i dei dagar. Presten kom og bad dei gifta seg, men til inga nytte.
Krusen levde under elendige vilkår. I dag er det ingen som vil tru det kunne gå ann. Det var ikkje trygdeordningar i dei dagar ein kunne venda seg til. Det var noko som heitte forsorga, så viss ein held på å svelta i hel, kunne dei få kupongar på kommunen til å handla. Men det var siste utveg.
Men Krusen var ikkje av den sorten som ikkje ville klara seg sjølv. Og det klarte han på eit vis. Han hadde ein robåt og eit fiskesnøre, og var godt kjent med beste fiskeplassen var. Og med robåten og fiskesnøre klarte han å halda liv i seg, men blei det mykje uver og meinis blei det ofte smalhals. Men var veret lageleg rodde han ut på fiske. Utpå ettermiddag kunne me sjå Kruse gå veg oppover bygda med kipa på ryggen for å selja dagens fangst. Det blei sikkert ikkje så mange kronene av det, men han livnærte seg. Han var ikkje så storforlangande, fekk han brød, margarin og skråtobakk var han fornøgd. Til jul hugsa naboane på han med litt julebakst.
I slutten av 1930-åra minka det på kreftene hos den gamle mannen. Fiske blei det mindre av, og nauda større. Og han måtte til slutt bita i det sura eplet og få hjelp. Det var før pleieheimens tid; folk som ikkje kunne klara seg sjølve når dei blei gamle og ikkje hadde slekt som kunne ta seg av dei, blei kalla legdekall eller legdekjerring.
Kommunen betalte nokon for å ta seg av dei, og mange hadde det sikkert ikkje godt på si siste tid her på jorda.
Kruse var heldig i så måte. Han blei plassert hos ein nabo som tok seg av han på beste måte.
Men heilt til dei siste var han interessert i om det var mykje fisk å få. Han blei ikkje så mange månader før han lukka augo for godt. Far min køyrde kista med sleden til Bjelland, og nokre naboar følgde med. Det blei ikkje reist verken kross eller støtte på grava, så Kruse-namnet blei snart gløymd. I dag er det neppe nokon tilbake som hugsar den gamle mannen med et lange kvite skjegget på veg oppover bygda for å selja dagens fangst. Me skal vera glad verda går framover og at me ikkje lenger har dei tilstandar me hadde då. Men folk klagar i dag også.
Olav Bøe (1925-2009)