KrF-nestleiar Dag-Inge Ulstein meiner kuttet i kontantstønaden viser at regjeringa har liten tillit til barnefamiliar.FOTO: Annika Byrde / NTB / NPK
Kritisk til kutt i kontantstøtta
KrFs Dag Inge Ulstein er kritisk til dei nye reglane for kontantstønad som gjeld frå 1. august, og meiner kuttet er eit ran av småbarnsfamiliars valfridom.
– Det er sjokkerande at regjeringa faktisk går gjennom med kutt i kontantstønaden. Dette vil ramme småbarnsfamiliars valfridom og lommebok hardt, seier KrF-nestleiar Dag Inge Ulstein.
Kontantstøtteordninga, som tidlegare har gjeldt for barn i alderen 13 til 23 månader, vil frå torsdag berre gjelde for barn i alderen 13 til 19 månader.
Mindre fleksibilitet
Ulstein meiner kuttet fører til mindre fleksibilitet for småbarnsforeldre som allereie opplever balansen mellom jobb og familieliv som krevjande, og at det viser at regjeringa har lite tillit til barnefamiliane.
– Nokre eittåringar er ikkje klare for å byrje såpass tidleg i barnehagen som regjeringa no vil tvinge dei til. Så akkurat som barnehageplass er noko staten skal tilby og sikre familiane, må familiane også sikrast kontantstønad for å ha ei reell moglegheit for å ta omsorg for sine minste barn.
Kontantstønaden vart innført under statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) sin første regjeringsperiode i1998. Ordninga har vore tilgjengeleg for foreldre til barn mellom eitt og to år som ikkje er i barnehage på heiltid. Ordninga har vorte endra fleire gonger tidlegare.
Talet som får kontantstønad har også minka betrakteleg sidan 1990-talet.