nyhende

Kristine Thorkildsen frå Stord blir ny biblioteksjef i Sveio.
Kristine Thorkildsen frå Stord blir ny biblioteksjef i Sveio.

Kristine (51) blir ny biblioteksjef i Sveio

Kristine Thorkildsen tek over jobben som biblioteksjef i Sveio etter Ellen Stople, som går over i pensjonistane sine rekkjer. Ho tiltrer stillinga 19. november.

Publisert Sist oppdatert

Thorkildsen har bibliotekfagleg utdanning, og har dei siste ti åra arbeida ved Stord folkebibliotek.

– Eg gler meg til å byrja. Sveio folkebibliotek har eg besøkt som bokheks med kollegaen min, og eg har også vore i Sveio på magedans-kurs ein gong, fortel 51-åringen. Ho er busett på Hystad på Stord, men har alt byrja å utforska kommunen i sør.

Til topps

– Eg har byrja å ta for meg dei ti høgaste fjella, har klart Trollvassnipa og Hopsfjellet. Men det spørst om eg rekk dei neste åtte før eg startar i ny jobb. Eg elskar å padla, så eg har planar om å få meg nokre padleturar ved kysten av Sveio. Elles har eg snakka med folk som skryt mykje av kor flott det er der og kjekke folk, seier den komande biblioteksjefen i Sveio.

Thorkildsen har saman med ein kollega laga podcast, blant anna med Einar Økland og Agnes Ravatn.

God søkjarmasse

Ifølgje Pål W. Jøsok, leiar kulturavdelinga i Sveio, melde det seg 11 søkjarar til stillinga som biblioteksjef, åtte av dei hadde bibliotekfagleg utdanning.

Kristine Thorkildsen har byrja å utforska Sveio-naturen. Her på Trollavassnipen, 432 meter over havet.
Powered by Labrador CMS