nyhende

I 2018 planta Stein Johannes Sjurseth over 1000 epletre på familliegarden han overtok året før. Avlinga i år har ikkje blitt som forventa, frost under vårblomstringa er årsaka.
I 2018 planta Stein Johannes Sjurseth over 1000 epletre på familliegarden han overtok året før. Avlinga i år har ikkje blitt som forventa, frost under vårblomstringa er årsaka.

Krise i eplemarknaden

Tveit Gaard ved Ålfjorden opplever stor svikt i eplehausten, noko som blant anna får konsekvensar for levering av den populære eplejuicen.

Publisert Sist oppdatert
Stein Johannes Sjurseth er redd det blir stor manko på Tveit Gaard sin eplejuice i år.

– Det står ikkje sprekt til med avlingane i år, det er nesten ikkje frukt verken på eple- eller plommetrea våre, fortel saft- og syltetøyprodusenten Stein Johannes Sjurseth til Vestavind.

I 2018 etablerte han sin eigen epleplantasje, beståande av 2065 epletre fordelt på eit 7,5 mål stort område på heimegarden. Plassen ligg austvendt til mot Ålfjorden, med ideelle vekstforhold. Målet var å bli sjølvforsynt med eple om nokre år.

– Feltet er ennå så nytt så me forventar ikkje full avling, men dette er frykteleg dårleg, fastslår Sjurseth. Han trur den viktigaste faktoren til at eplehausten sviktar kjem som følgje av nattefrost under blomstringa.

Får konsekvensar

Avlingssvikten får konsekvensar for blant anna Tveit Gaard som årleg hentar fleire tonn eple på fruktlageret på Lofthus. Desse blir til den populære Tveit Gaard sin eplejuice. I år når marknaden er som den er, fryktar Sjurseth at han vil mista kundar.

– Eg vil først og fremst prioriteta dei faste kundane mine, alt no kan eg fastslå at det blir ikkje sal av eplejuice til private i år, seier han.

Fruktbløming i oktober

Andre observasjonar denne spesielle hausten, er at bringebær og epletre har kome delvis i blomst, noko som kan gå ut over neste års avling.

– Skal eg trekkja fram eit lyspunkt midt oppi det heile, må det vera at årets bringebærsesong var ganske bra, seier Sjurseth.

Verste på 60 år

Ifølgje ein prognose frå GrøntProdusentenes Samarbeidsråd (GPS) har den samla fruktavlinga i Noreg gått ned med meir enn ein tredjedel sidan i fjor. Svikten i årets norske fruktavlingar skuldast ein kald vår. I Hardanger er plommesesongen den verste på 60 år. Også epla slit, delvis også på grunn av rognebærmøll, som i år har lagt egg i epletrea på grunn av for lite rognebær.

Powered by Labrador CMS