nyhende
Krimromanar høyrer påska til
Påskekrim er eit særnorsk fenomen. Med opphav i eit vellukka reklamestunt i 1923. Kristine Torkildsen og Anitha Ramsdal på Sveio bibliotek har funne fram fire bøker dei anbefaler denne påska.
Kvart år låner, kjøper og les me nordmenn stor mengder krimromanar i påska. På Sveio bibliotek er det ei eiga påskekrimutstilling, og utlånet av krimbøker har auka dei siste vekene. Særleg vaksne lånar meir enn vanleg.
— Me har ope til og med tysdag, så det er framleis mogeleg å finna seg ei eller fleire gode krimbøker, seier bibliotekar Ramsdal.
Biblioteket har også påskeaktivitetar begge dagane før det blir påskestengt frå 5. april. Mellom anna er det Filmotek med vising av teiknefilm måndag.
Reklamestunt
Men tilbake til 1923. Det året kom «Bergenstoget plyndret inat!» Forfattar var Jonatan Jerv, eit fellespsevdonym for Nordahl Grieg og Nils Lie. Grieg hadde nettopp gjeve ut diktsamlinga «Rundt Kap det Gode Haab», men den selde ikkje noko særleg. Saman med venen Lie, som seinare blei forlagskonsusulent og oversettar, skreiv dei anna kvart kapittel til ein krimroman for vaksne.
Bror til Grieg, Harald, jobba i Gyldendal forlag og hjelpte til med lanseringa av krimromanen. Han tok i bruk heilt nye verkemiddel i reklamen for boka. Palmesøndag 1923 annonserte Gyldendal utgjevinga med stor overskrift på førstesida i ei rekke aviser som det var ei nyheitsoverskrift: «Bergenstoget plyndret inat!», med tekst under om at det var ei bok. Det førte til stor ståhei, for folk såg berre overskrifta og las ikkje teksten med liten skift. Avisene blei dermed nedringt av fortvilte menneske som hadde familie og vener på toget.
Har valt fire bøker
I eit hav av krimbøker har Torkildsen og Ramsdal funne fram fire bøker.
— Mange kjenner Lucinda Riley for feel good-bøkene hennar. Men den siste boka ho gav ut er ein krimroman, og eg tenker det er spanande for lesarane å sjå ei anna side av henne. Eg er oppteken av Island, og den andre boka eg har valt er av eit nytt namn derfrå, Ragnar Jònasson, fortel Ramsdal om sine val.
— Eg er frankofil, og innrømmer det. Berre tittelen «En leilighet i Paris» var nok, ler biblioteksjef Torkildsen og held fram:
— Boka sugde meg inn frå første stund, og eg klarte ikkje å slutta og lesa. Alex Michaelides si bok er meir intellektuell krim med eit psykoligisk plot.
«En leilighet i Paris» av Lucey Foley
Bonnier norsk forlag, 427 sider, utgitt 2023.
Ein bror som ventar besøk av halvsystera og det passar dårleg. Halvsystera kjem til Paris fordi ho vil starta eit nytt liv. Broren er ikkje heima når ho kjem. Kva har skjedd med han?
Boka blir fortalt blant anna av Ben og halvsystera Jess. Alle karakterane i boka fortel frå sin synsvinkel. Ben er forsvunne og Jess må leita etter han. Bygarden Ben bur i visar seg å ha like mange hemmelegheitar som det er bebuarar. Dette er det dei kallar lukket rom-mysterie. Så er du glad Agathe Christie vil du lika denne også.
Boka har høgt tempo der spaninga blir driven fram av dei forskjellige karakterane. Forfattaren undersøkjer leilegheitane via dei forskjellige forteljarane. Det er nesten som eg sjølv går i trappa frå den eine leilegheita til den andre. Om du er frankofil er det heller ikkje feil at handlinga føregår i Paris og med ein del franske glosar. Dei som ikkje kan fransk, får det oversett i neste setning.
«Jomfruene» av Alex Michaelides
Cappelen Damm, 335 sider, utgitt 2022.
Jomfruene er ein psykologisk thriller der terapeuten Mariana Andros drar til Cambridge for å løysa eit mord. Boka opnar med at eit mord allereie har funne stad. Det er venninna til niesen som er drept. Mariana meinar det er professor Edward Fosca. Han har alibi, men det stoppar ikkje Mariana sin mistanke til han.
Forfattaren er gresk-kypriotisk og Persefones frå den greske mytologi har ein sentral rolle i boka. Som i den greske mytologien er tematikken begjær, sjalusi og manglande kjærleik i barndommen. Den hemmelege jentegruppa kalt «Jomfruene» var den drepte venninnen til niesen medlem av. Dei sverma rundt den karismatiske professoren. Sofistikerte og uventa vendingar gjer boka til ein sidevendar som du helst ikkje vil leggja vekk.
«Mørket» av Ragnar Jònasson
Goliat forlag, 299 sider, utgitt 2021.
I Reykjavik blir politietterforskar tvungen til å ta ut tidleg pensjon mot sin vilje. Hulda kvir seg til pensjonstilværa, lange dagar der minner og tankar får fritt kome fram. Ho har ein hobby og det er å gå på fjelltur, har gått på dei fleste høge fjella i Island, og ser heller ikkje for seg å reise på lange feriar i utlandet. Så det blir ho og alle tankane frå hennar mørke fortid som kjem til å heimsøke ho og det fristar ikkje. Men før ho sluttar i politiet får ho to veker på seg til å løyse ei siste valfri sak blant gamle uoppklara saker.
Hulda er ikkje i tvil om kva sak ho skal velgje, og opnar til stor missnøye frå tidlegare politietterforskar saka om den avdøde russiske kvinna som vart funne død på ei strand på veg til Keflavik. Kvinna hadde nett fått vite at ho hadde fått ja, til opphald i Island og Hulda meiner sjølvmord er uaktuelt. Snart oppdagar Hulda at ei anna ung kvinne forsvann samtidig og at ingen fortel ho heile sanninga.
Alle held noko for seg sjølv og det er vanskeleg å kome vidare i saka, ho trakkar i bedet til både den eine og den andre politietterforskar, blir mange telefonar der leiaren ringer og seier: Hulda, inn på kontoret mitt no med ein gong! Hulda stiller på kontoret og tar i mot kjeft, men jobbar vidare på saka til siste side.
Er det nokon i politiet som ikkje har gjort jobben sin, er det prostitusjon, menneskehandel. Kva skjedde på Vatnsleysustranda ein mørk vintermorgon, i ein dyster forblåst del av landet, der dei trelause lavaslettene gir lite ly mot stormane som ofte bles inn frå Atlanterhavet i sørvest.
«Mordene på Fleat House» av Lucinda Riley
Cappelen Damm, 431 sider, utgitt 2022.
Bak den perfekte fasaden skjuler det seg ein forferdeleg løyndom.
Boka startar med eitt brått dødsfall til ein av elevane ved Fleet House på St. Stephen’s, ein privat internatskule i Norfolk, søraust for London.
Det er ein brutal og sjokkerande hending som rektor ved skulen helst vil kalle «ei tragisk ulukke»
Dødsfallet blir etterforska og politiet ser ikkje vekk frå at noko mistenkeleg har skjedd, saken fører til at Jazmine Hunter kjem attende til politiet, etter at ho sa opp jobben sin grunna eit opprivande ekteskapsbråt. Jazz som ho blir kalla, blir noko motvillig med på at ho skal leie undersøkinga som ein teneste for sin gamle sjef.
Eit makabert funn på skulens område gjer saken til den vanskelegaste oppgåva i hennar karriere. For Fleet House skjuler løyndomar som er mørkare enn Jazz og teamet hennar kan førestille seg.
Me får innblikk i korleis kvardagen til elevane er på ein engelsk internatskule, ikkje alltid lika kjekt viss me skal tru Riley.
Det eg likar med boka er blanding av privatliv og jobb, blir kjent med Jazz og hennar familie, men ein blir også kjent med lærar og elevar ved skulen og sjølvsagt blir det ei løysing på mordgåte. Sjølv om den kanskje er ulik den eg trudde det skulle bli.
Me sveibuar trur det berre regnar her hos oss, men jammen regnar det i England også.