nyhende

Norske sjukehus merkar at medisinsk-teknisk utstyr, behandlingshjelpemiddel og forbruksmateriell er blitt vanskelegare å få tak i som følgje av utviklinga i verda de siste åra. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Norske sjukehus merkar at medisinsk-teknisk utstyr, behandlingshjelpemiddel og forbruksmateriell er blitt vanskelegare å få tak i som følgje av utviklinga i verda de siste åra.

Krig og pandemi skaper importbekymring i helseføretaka

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Krig og pandemi skaper uvisse om vareleveransar til norske sjukehus. Dette kan gå ut over norske pasientar.

Koronapandemien, som framleis ikkje er over, og den pågåande krigen i Ukraina fører mellom anna til uvisse om vareleveransar innan helsesektoren, skriv TV 2.

Norske sjukehus merkar at medisinsk-teknisk utstyr, behandlingshjelpemiddel og forbruksmateriell har vorte vanskelegare å få tak i som følgje av utviklinga i verda dei siste åra.

Helseføretaka opplyser til TV-kanalen at dersom leveringstidene dreg ut, og det oppstår mangel på utstyr og delar, kan pasientkøar og utsetjingar bli ein realitet.

– Den globale situasjonen i dagens transportmarknad er utfordrande og fører til forseinkingar, auka transportkostnader og usikker leveransekvalitet, seier administrerande direktør Bente Hayes i Sjukehusinnkjøp HF.

– Pandemien er heller ikkje over, særleg med dei siste utbrota og nedstenging i Kina, som er eit stort eksportland, seier Hayes.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS