nyhende
KrF klar til val
Sveio KrF har lista klar til haustens val. Øvst på agendaen er å snu negativ befolkningsvekst, og ein symjehall Sveio truleg ikkje har råd til. — Dei store investeringane er kanskje elefanten i rommet, seier Jarle Jacobsen, leiar for lokalpartiet.
Forrige veke hadde KrF i Sveio sitt nominasjonsmøte. Dei går mot haustens val med heva hovud.
— Me har fått med gode kandidatar med mykje erfaring og frå eit breitt samfunnslag, seier Jarle Jacobsen, leiar for lokalpartiet.
God spreiing
Han står sjølv øvst på lista og bur i Auklandshamn. Jacobsen meiner KrF si liste viser god representasjon for kommunen i alder.
— Me stiller med eit forholdsvist ungt lag, seier han.
Og dei har god geografisk spreiing, sjølv om han synest det kunne ha vore betre.
— Ingen frå endane av kommunen, men me håpar på veljarar derfrå. Me brenn for bygdene for å seia det sånn, seier Jacobsen.
Som nummer to og tre finn ein Sondre Natås Strand frå Førde og Anne Vierdal frå Sveio sentrum. Dei er fødd i 1993 og 1996. Den yngste er Camilla Haraldseid på 10. plass. Ho er 22 år.
Ein annan nykomar er ein sveibu med lang erfaring frå verda under beltet.
— Otto Inge Molvær byrjar i politikken for oss som 83 år, seier Jacobsen.
Fokus på det grunnleggande
Programmet er ikkje heilt ferdig, men han er tydeleg på kva haustens valkamp skal handla om.
— Me skal styrka primærtenester, god skule og god eldreomsorg. Me skal ikkje vera ei liste for berre bygd eller sentrum, me ynskjer å styrka heile Sveio, seier Jacobsen.
Og han er tydeleg på kva dei ikkje vil.
— Me går ikkje til val på store ambisjonar om å bygga store, flotte ting, seier han.
Kommunestyret har vedteke fleire større investeringar i det komande året, mellom anna ein ny barnehage som skal erstatta den gamle, og symjehall og aktivitetshall på Vigdartun.
Kostnadane uroar Jacobsen.
— Dei store investeringane er kanskje elefanten i rommet. No ser det ut som symjehall vert dyrare enn me trudde, seier han.
Tilbake til vekst
Eit anna viktig punkt er at Sveio må halda fram å vakse, både i folk og næring.
— Der det bur folk vil det skje ting, seier Jacobsen.
Men då må kommunen verta meir attraktiv.
— Me må kunna utvikla det slik at dei som kjøpar tomt får dei kvalitetane Sveio har. Nærleik til natur og sjø er våre fortrinn, seier Jacobsen.
Dei vil også ha meir tilrettelegging for bedrifter på utkikk etter stader å etablera seg.
— Me er næringsfattige, og me har stort potensiale både på eksisterande næringsområde og evt dei nye som me kan leggja inn, seier han.
Ikkje endring
— Mange i Sveio er opptekne av skulane rundtom i kommunen. Kva meiner KrF?
— Me går ikkje inn for noko endring i struktur i desse åra. Me ser behov for oppussing hjå Valestrand, både skule og barnehage, seier Jacobsen.
— Oppussing?
— Ja, viss me ikkje legg pengar til oppgradering, så sender jo det eit signal. Me må enten gå heilt inn eller ikkje. Det er den skulen sin tur for oppussing. Samstundes avheng me av at innbyggarar og fødselstal går riktig, ellers kan ein ikkje forsvara å bruka 20-30 millionar om me nærmar oss 20 elevar, seier han.
KrF si liste
|
Nummer |
Fornavn | Etternavn |
Fødselsår |
Krins |
|
1 |
Jarle | Jacobsen |
1974 |
Auklandshamn |
|
2 |
Sondre Natås | Strand |
1993 |
Førde |
|
3 |
Anne | Vierdal |
1996 |
Sveio sentrum |
|
4 |
Trond | Årre |
1978 |
Auklandshamn |
|
5 |
Lars Severin | Reiersen |
1951 |
Lid |
|
6 |
Eirin | Mellemstrand |
1991 |
Førde |
|
7 |
Leiv | Rossehaug |
1952 |
Sveio sentrum |
|
8 |
Karianne | Haugen |
1982 |
Bua |
|
9 |
Robert | Bauge |
1977 |
Auklandshamn |
|
10 |
Camilla | Haraldseid |
2000 |
Lid |
|
11 |
Inger | Skumsnes |
1973 |
Førde |
|
12 |
Hans Ole | Strand |
1980 |
Førde |
|
13 |
Kirsten | Hovda |
1950 |
Bua |
|
14 |
Sigrid | Hovda |
1950 |
Førde |
|
15 |
Otto Inge | Molvær |
1939 |
Førde |
|
16 |
Per | Wathne |
1952 |
Auklandshamn |