nyhende
Kreative og dyktige sveibuar fekk stipend
Sveio Drill, teatergruppa TeARTig og klatraren Ingrid Kindlihagen er alle tildelt Sveio kommune sitt kulturstipend 2020.
Stipendet som er på totalt 15 000 kroner, er denne gongen delt på tre verdige mottakarar, som får 5 000 kroner kvar.
Stipendet blei overrekt til Sveio Drill og teatergruppa TeARTig under ein lunsj på kommunehuset fredag, og det var ordførar Linn Therese Erve som stod for tildelinga. Klatraren Ingrid Kindlihagen var bortreist grunna konkurranse i Austerrike, og hadde difor fått sitt stipend tidlegare.
Det er Hovudutval oppvekst og kultur som har vald ut prisvinnarane på grunnlag av søknadar, i hovudsak innan område idrett og kultur. Stipendet skal vera til hjelp for mottakarane til vidareutvikling innafor sitt område og stimulera til vidare innsats for kulturlivet i kommunen.
Kreativ
Teatergruppa TeARTig har som visjon å begeistra og engasjera barn og vaksne gjennom kulturelle opplevingar, og visa kor mange kreative menneske som vel å busetta seg i Sveio. Gruppa har eit stort ønske om å skapa eit større tilbod innan kunst og kultur i Sveio, og til andre kulturinteresserte i nabokommunane.
– TeARTig let kreativiteten blomstra blant Sveio sine innbyggjarar i alle aldrar, det tykkjer eg er kjempebra. Gratulera med kulturstipendet! sa ordførar Linn Therese Erve som røpa at ho alt gledde seg til neste førestilling.
Stor utvikling
Sveio Drill har vore ein arena for drillarar i alderen 7-22 år frå heile kommunen sidan 1978, og har dei siste ti åra vore i stor utvikling. Drillen har satsa stort i konkurranse og har vunne både NM og EM. Laget har vel 50 medlemmer, og rekrutteringa er god.
– Dette står det respekt av. Eg håpar kulturstipendet kjem vel med i det vidare arbeidet, sa ordføraren då ho overrekte kulturstipendet.
Vil nå langt
Ingrid Kindlihagen konkurrerer nasjonalt og internasjonalt i idretten sportsklatring, og representerer Haugaland Klatrelag, som også har ei gruppe knyta til Sveio idrettslag.
Kindlihagen ønskjer å satsa 100 prosent på klatringa for å sjå kor langt det er mogleg å nå i klatring som konkurranseidrett. Langsiktige målsettingar er blant anna å bli noregsmeister i seniorklassen og å etablera seg blant dei beste i World Cup og klatrefinalar i internasjonale konkurransar og meisterskap.