nyhende

Kreativ redesign

Kapp av aluminium, glas og plank blir til fine møblar. Her ser du resultatet når nokon med tusen idear og god formsans går laus på restehaugen.

Publisert Sist oppdatert

Vidar Fylkesnes møter oss utanfor den kombinerte garasje/snikkarverkstaden sin heime på Ekrene, nærmare bestemt Gjeringstjørn. 43-åringen, som er utdanna møbelsnikkar, er fasinert av bruer, og derav kom inspirasjonen til å laga unike hagebenker. Framgangsmåten er ikkje heilt standard, for dette handlar ikkje berre om gode sitjeplassar, men like så mykje å få utløp for verketrong og idear som stadig dukkar opp. Det må seiast at dei unike benkene stiller i særklasse på bustadfeltet.

– Gjenbruk av restekapp – hokuspokus så blei det ein avstandsbenk. Her er det éin-meters regelen som gjeld, seier Vidar Fylkesnes.

Gjenbruksmateriell

– Eg har alltid likt å jobba med tre, og sidan eg er så heldig å få gratis gjenbruksmateriell på jobben, (Kraft Glass & Aluminium), har eg mykje forskjellige materialar å byggja av. Småkapp av eikemateriale får eg dessutan av TM Bygg, fortel Fylkesnes som er utdanna møbelsnikkar.

Når ideane dukkar opp blir gjerne Vidar Fylkesnes lenge i garasjen. Her viser han litt av det han har laga. Klesklype-hylle, mini-TV i eik, perfekt til å sjå TV på mobilen og eit bordspel.

Han vaks opp på Stord, og sjølv om han har flytta sørover er han stadig på hjul over Stordbrua som han synes er svært stilig, og som var den første brua han laga ein kopi av. Etter kvart har det blitt fleire bruer, ja, det har kort og godt balla på seg av mykje forskjellig.

«Legevaktbrua»

Den mest originale benken, ifølgje han sjølv, er kanskje «Legevaktbrua». Ideen kom då verksemda han jobba for fekk oppdraget med å byta inngangsdøra ved Sveio legevakt.

– Då eg såg den flotte aluminiumsbogen i den gamle døra fekk eg ein idé, fortel Fylkesnes, og røper at han alt går og rugar på neste prosjekt:

– Skal eg laga ein benk til må det bli Hardangerbrua, den er fantastisk flott, seier møbelsnikkaren med glimt i auga.

For ordens skuld legg me til at Hardangerbrua er den lengste hengebrua i Noreg med ei lengd på 1380 meter.

Powered by Labrador CMS