nyhende

Sidan midten av juli har dekoren vore å sjå på ein naustvegg mellom Strando og Rex Garden. Absolutt alt som er på kransen er funne i sjøen.
Sidan midten av juli har dekoren vore å sjå på ein naustvegg mellom Strando og Rex Garden. Absolutt alt som er på kransen er funne i sjøen.

Kransen som aldri blir nedbroten

Det er vel kanskje å ta litt hardt i å seia aldri, men plast varer utruleg lenge. 450 år kan det ta før ei plastflaske ikkje er meir.

Publisert Sist oppdatert

Du kan få auge på den når du går til Rex Garden frå Strando. På eit naust heng den, fargerik og fin. Og tankevekkande. For alt du ser består av søppel. Barberhøvlar, lighter, ein tutt, ballong, lommelykt, strandsko, kam, tau og klesklype – for å nemna noko. Ein kan stå lenge og sjå, og undra seg på kor lenge dette har lege i sjøen. Jærmaskin AS står det på ein lighter, med eit telefonnummer. Me slår på tråden, men nummeret er ikkje i bruk. Via nettsøk kjem det fram at firmaet vart etablert i 2005, og gjekk konkurs i 2016. Men reklamen eksisterer enda.

Det vil ta 600 år for fiskesen er borte.

Vil få folk til å stoppa

Naustet tilhøyrer Gunn Bente og Jan Åge Håvardsholm, kransen er hengt opp nettopp for å vekka interesse. Og det gjer den.
– Me tenkte at det var ein super plass å henga den opp. Mange stoppar opp når dei ser den, spesielt barnefamiliar. Kransen er med på å bevisstgjera, og fortelja. På ein måte er den makaber, den består av mange ting. Folk spør seg om alt dette er i sjøen – og det er det faktisk! seier Gunn Bente.

Også på Ryvarden

Liknande krans heng også ute på Ryvarden, det er den same kreative dama som står bak.
– Randi Pedersen er ei god venninne av meg, det er ho som har laga den. Ho er også dedikert strandryddar på Karmøy, fortel Gunn Bente, også kjend som kulturfyrvoktar på Ryvarden.

Sjølv om publikum er flinke til å ta med seg søppel frå både Strando og Rex Garden, samt at bygdelaget i Førde har sine innsamlingsrundar, er flytande søppel også få auge på i Førde, seier nausteigaren, som håpar kransen er med på å bevisstgjera, og få folk til å snakka og tenka.

Powered by Labrador CMS