nyhende
Kranselag for Steinhaugmarka
Torsdag var det stort kranselag for heile Steinhaugmarka, sjølv om ikkje alle bueiningane er tette.
– Med å ha kranselag for heile Steinhaugmarka no, har me sikra oss at me unngår fillemann. Det er det ingen utbyggarar som vil ha, og fredag blei flagget heist, fortel Bjørn Storebø, salskonsulent i Valvatne Bygg AS.
Mange fag inviterte
Kranselag, også kalla kranseskål, for snekkarane er framleis viktig. Valvatne utvida festen og inviterte i tillegg folk frå grunnentreprenør, betongentreprenør, røyrleggar, elektrikar, taktekkar, fliselegger og malar. Heile 24 mann samla seg til pizza på Monte Rosa torsdag ettermiddag.
Det er ein firmannsbustad og tre tomannsbustadar som er tette, og på fleire av dei er det innvendige arbeidet i gong.
– No er me i ferd med å reisa dei tre siste einingane, ein firmannsbustad og to tommannsbustadar. Sidan i sommar er det seld tre bustadar, så no er det berre fire ledige igjen. Det er me veldig nøgde med, seier Storebø.
Rundt påske
– Når kan dei første flytta inn?
– Me håper det skjer rundt påske. Det er enno ein del arbeid igjen, også på uteområda med mellom anna trinnfri adkomst og støyping av carport. No ligg det material på ein del av området, og dei må brukast for å frigitt området, seier Storebø.
I bildegalleriet kan du sjå glimt frå arbeidsdagane i Steinhaugmarka.