nyhende

Politi
Kraftige smell heldt naboar vakne natt til måndag.

Kraftige smell heldt naboane vakne

Natt til måndag fekk politiet telefon frå naboar som ikkje fekk sova grunna smell og fyrverkeri.

Publisert Sist oppdatert

– Det var ein som melde at nokon ved eit naust avfyrte fyrverkeri. Dei høyrde ein del smell og det var sjenerande, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon Ann Østensvik-Lu.

Klokka var då cirka 02.20 og det var ikkje lenge sidan måndagen hadde byrja.

– Patruljen reiste ut til staden, men når dei kom i kontakt med meldar hadde ting roa seg, og dei klarte ikkje å lokalisera personane som stod bak, seier ho.

Truleg har dei skuldige reist ut i båt og var ikkje å finna i nærleiken. Hendinga fann stad langs Ålfjorden.

– Det var nokre ganske kraftige smell det var snakk om, seier Østensvik-Lu.

Powered by Labrador CMS