nyhende

Smørhylla i ein matbutikk. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Smørhylla i ein matbutikk.

Kraftig prishopp på smør: — Lèt seg vanskeleg forklare.

I fjor auka smørprisen med 24 prosent i butikkane. Men innkjøpsprisen auka berre med 9 prosent. – Lèt seg vanskeleg forklare, seier landbruksministeren.

Publisert Sist oppdatert
– Det seier seg sjølv at det er noko som ikkje går opp her. På enkelte varer meiner eg den massive prisauken vi ser ute i butikkane, vanskeleg lèt seg forklare, seier landbruksminister Sandra Borch (Sp) til NTB.

Torsdag varsla ho og regjeringa at dei set i gang ei ny «marginundersøking» for å sjå kva som skjer med prisane i dei ulike ledda fram til forbrukar.

Bakgrunnen er mellom anna tal som viser at fleire varer aukar meir i pris ut til forbrukarane enn prisauken butikkane har når dei skal kjøpe inn varene.

– Vi forventar, og vi krev eigentleg av kjedene, at dei ikkje utnyttar den situasjonen som er no til å auke prisane i butikk, seier Borch.

Fleire varer auka meir i butikkane

NTB har henta ut statistikk frå forskingsinstituttet NIBIO og samanlikna prisane i butikkane med innkjøpsprisane. På enkelte varer er det tydeleg at butikkprisen har auka mykje meir enn innkjøpsprisen.

• Ost har auka med 10,6 prosent ute i butikkane, medan hos engrosleddet auka prisen med 6,7 prosent i 2022.

 • Mjølk, yoghurt og fløyte auka med 9,1 prosent i butikken og 6,9 prosent frå grossist.

• Svin har auka med 21,9 prosent i butikkane og 16,8 prosent i engrosleddet.

Dagens Næringsliv gjorde ei liknande samanlikning i september i fjor, men tala ovanfor er for heile 2022.

Vestre: – Kjenner oss ikkje tryggje

Det skal seiast at enkelte varer har auka mindre i butikkane enn i innkjøp. Mellom anna egg, som har auka med 11,4 prosent i butikken og 14,3 prosent i engrosleddet.

Prisstatistikken er også basert på litt ulike stadium i engrosleddet. For meieriprodukta er den tettast på den prisen butikkane betaler.

Uansett gir tala ein peikepinn.

– Vi har jo gjort oss nokre tankar når vi ser at enkelte varer aukar vesentleg meir til forbrukar enn frå produsent. Det kan vere naturlege forklaringar på det. Men vi kjenner oss ikkje heilt tryggje på kvifor det blir sånn, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til NTB.

– Understrekar alvoret

I februar kjem ein ny prisauke på daglegvarer, og då forventar statsråden at daglegvarekjedene ikkje aukar prisane ei krone for mykje.

– Dei må vise samfunnsansvar og ikkje sjå på dette som eit høve til å auke prisane meir enn det som er absolutt nødvendig. Vi skuldar dei ikkje for det, men det er viktig for oss å adressere det og understreke alvoret, seier Vestre.

Han påpeikar at regjeringa har gjort fleire grep for å dempe prisveksten på matvarer, mellom anna gjennom solide tilskot i jordbruksoppgjeret for å kompensere for ekstraordinære utgifter.

– Høge leiarlønningar

Vestre og Borch tok torsdag imot fleire av aktørane i daglegvarebransjen for å diskutere situasjonen. I etterkant av møtet forklarte Norgesgruppen dei auka matvareprisane med rekorddyr straum og auka leverandørprisar.

Dei sa også at kostnadene gir lågare lønnsemd i daglegvarebransjen.

Borch seier at ho har fått litt ulike svar om lønnsemda i bransjen på møta.

– Samtidig har vi sett at kjedene har operert med leiarlønningar som ikkje lèt seg forklare, eller bonusar som har vorte betalte ut som ikkje lèt seg forklare, i alle fall ikkje i den situasjonen vi står i no, seier ho.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS