nyhende
Dei to siste åra har forbunda i LO vakse med nesten 30.000 medlemmer.
FOTO: NPK
Kraftig medlemsvekst i LO under pandemien
Dei to siste åra har forbunda i LO vakse med nesten 30.000 medlemmer.
NPK-NTB: Til saman har LO-forbunda no 978.338 medlemmer, fortel LO i ei pressemelding.
– Ikkje sidan gjenreisinga av landet etter krigen har LO opplevd ein så kraftig vekst, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.
Ho trur ein av grunnane til medlemsveksten er at mange har sett den jobben LO har gjort under pandemien.
– LO har under heile koronakrisa vore oppteken av å sikre tryggleiken og inntekta til folk, seier ho.
Til veka skal representantskapet i LO møtast for å vedta lønnskrava i lønnsoppgjeret. Følsvik trur medlemsveksten kan hjelpe på inn i oppgjeret.
– Det er klart det gir oss ein kraftig styrke å gå inn i lønnsforhandlingane med nesten ein million medlemmer i ryggen, understrekar ho.
(©NPK)