nyhende
Kraftig jordskjelv måndag morgon
Eit jordskjelv målt til 4,4 på Richters skala råka heile kysten av Vestland måndag morgon.
Skjelvet fann stad klokka 6.32. Fleire merka kraftige skakingar i opp mot 15 sekundar.
— Me får ein styrke på mellom 4,4 til 4,6, alt etter som kva estimat me brukar, seier Berit Marie Storheim, senioringeniør ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen, til NRK.
Skjelvet var merka av mange over heile Vestlandet, og heilt frå Stavanger i sør til Møre og Romsdal i nord, kjem det meldingar om at dei kjente skjelvet.
Sveibuar merka det
Også i Sveio var det mange som merka skjelvet. På Vestavind si Facebook-side er det fleire som har stadfesta at det kjente skakingane, men også nokon som søv seg gjennom hendinga.
Episenteret for senteret ligger om lag 130 kilometer vest for Florø, mellom Stad og Færøyane.
Operasjonsleiar Eirik Loftnesnes i Vest politidistrikt seier til NTB at dei har fått to førespurnader så langt.
Operasjonsleiaren seier til NTB at dei førebels ikkje har fått meldingar om personskade eller materielle skadar.
– Dei kjem frå Øygarden og Tysse, så det er snakk om store avstandar her. Folk seier dei blir vekte av at det ristar i huset og klirrar i glasa.
NRK skriv at jordskjelvet kunne kjennast i heile Vestland fylke.
– Skjelvet kunne kjennast på heile Vestlandet, langt inn i fjorden. Folk har kjent det godt, også i Stavanger, seier senioringeniør ved jordskjelvstasjonen ved Universitetet i Bergen, Berit Marie Storheim, til VG.
— Ikkje farleg for folk på land
Ifølgje Storheim er normalt sett ikkje eit jordskjelv langvarig, ofte berre nokre sekund.
Lars Ottemoller, professor i seismologi ved Universitetet i Bergen, seier til Bergens Tidende at så store jordskjelv som på 4,4 berre blir registrert cirka kvart tiande år på Vestlandet.
– Det er ikkje farleg for folk på land, men det kan vere det for oljeinstallasjonar i nærleiken, seier han til avisa.
Det er ikkje meldt om skadar etter hendinga.